Statens vegvesen - Søknad om løyve til utfylling i sjø i Jåttåvågen, Stavanger kommune, av sprengsteinsmassar frå driving av Eiganestunnelen
Fylkesmannen har motteke søknad frå Statens vegvesen om løyve etter forureiningslova § 11 og forureiningsforskrifta § 22-6 til utfylling i sjø av sprengsteinsmassar frå driving av Eiganestunnelen. Søknaden gjeld utfyllingen i sjø i Jåttåvågen i tidlegare dokkområde for bygging av betongplattformer.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Utfyllinga omfattar om lag 1,1 millionar kubikkmeter sprengstein og dekkjer eit sjøbotnareal på om lag 100 mål. Utfylt område er regulert til bolig- og næringsformål, offentlege formål og nytt folkebad
Fylkesmannen vil i eit løyve stille krav for å hindre spreiing av finstøv og partiklar i samband med utfyllingsarbeida.
Søknad med vedlegg er lagt ut til offentleg ettersyn i Stavanger kommune på Servicetorget, Olav Kyrres gate 23, og på Fylkesmannen si internettside www.fylkesmannen.no/rogaland under «Miljø og klima» og «Høyringar».
Moglege merknader til søknaden kan sendast fmropost@fylkesmannen.no eller Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, innan fire veker frå kunngjeringstidspunktet.