Miljøtilsyn i 2019
Fylkesmannen gjennomførte over 100 tilsyn på forureiningsområdet i fjor.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tilsyn er eit høgt prioritert arbeidsområde hjå miljøavdelinga. Vi arbeider systematisk etter ein kontrollplan som vi set opp i starten av året, og supplerer med fleire tilsynsobjekt ved kapasitet. Det samla resultatet for 2019 vart på 102 utførte tilsyn.
Deltok i fire nasjonale tilsynsaksjonar
I fjor deltok vi i fire nasjonale tilsynsaksjonar for industriverksemder i regi av Miljødirektoratet. Dette var verksemder med tanklagring, kjemisk overflatebehandling av metall, avfallsforbrenningsanlegg og akvakultur. I tillegg har vi vore med på tilsynsaksjonar i kommunar om avløp og forureina grunn.
Tilsyn kan bli gjennomført etter klage eller tips
Vi prioriterte å auke tilsynsmengda utanom aksjonar samanlikna med tidlegare år, og utførte 46 frekvensbaserte tilsyn med verksemder som har løyve eller er forskriftsregulerte. I tillegg hadde vi fem tilsyn som følgje av klage eller tips om forureining.
Tanklagring
Fylkesmannen kontrollerte 11 verksemder. Dei fleste var tanklagringsanlegg knytt til fly- og helikopterlandingsplassar.
Vi fann 21 avvik, der eit var alvorleg. Flest avvik fann vi på kontrolltemaet miljørisikovurdering. Alle avvik er retta opp innan ein felles frist, som var den 1. oktober 2019.
Resultata på landsbasis kan du lese meir om i oppsummeringane etter aksjonen hjå Miljødirektoratet og Fylkesmannen.
Kjemisk overflatebehandling av metall
Fylkesmannen kontrollerte 14 verksemder, og fann færre brot på regelverket enn ved tilsvarande kontrollar i 2013.
Resultata på landsbasis og i Vestland kan du lese meir om i oppsummeringane etter aksjonen hjå Miljødirektoratet og Fylkesmannen.
Avfallsforbrenningsanlegg
Fylkesmannen kontrollerte to verksemder. Dei viktigaste tema for tilsyna var internkontroll og utsleppskontroll. Hovudfunnet var at risikovurdering og rutinar for å ta vare på ytre miljø kunne bli betre.
Akvakulturanlegg i sjø
Fylkesmannen kontrollerte 29 oppdrettslokalitetar hjå 16 verksemder. På landsbasis vart om lag ein femdel av alle akvakulturverksemder med sjøanlegg kontrollerte i løpet av aksjonen.
Tema for tilsyna var miljømål, miljørisikovurderingar, resipientgranskingar, kjemikaliebruk og marin forsøpling. Aksjonen i 2019 var ei oppfølging av tidlegare tilsynsaksjonar i 2010, 2011 og 2017.
Fylkesmannen får ofte tilbakemelding frå mindre oppdretsverksemder om at dei har problem med å oppretthalde like gode system for dokumentasjon, som dei større oppdrettarane. Vi ser ikkje noko slikt gjennomgåande mønster i resultata frå denne tilsynsaksjonen. I denne tilsynsaksjonen var det mange små verksemder som ikkje hadde avvik, mens nokre store verksemder hadde alvorlege avvik.
Tilsynsrapportar
Alle tilsynsrapportar for verksemder med løyve etter forureiningslova vert gjort offentleg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.
Kontaktpersonar
-
Sissel Storebø
Tlf: 55 57 23 17 / 92 82 78 65 -
Gunn Helen Henne
Tlf: 57 64 31 40 -
Mari Katrine Berg-Arnesen
Tlf: 55 57 23 26 -
Grete Hamre
Tlf: 57 64 31 41 -
Astrid Holte
Tlf: 55 57 23 19 -
Toril Marie Mulen
Tlf: 57 64 31 27 / 45 25 58 89 -
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35 -
Tom N. Pedersen
Tlf: 55 57 21 19 -
Ingrid Torsnes
Tlf: 55 57 23 20