Tiltak i laksefisket i Vestland

I Vestland blir fem av dei stengte elvane opna for fiske. Det er framleis ikkje lov å fiske med fastståande reiskap, og det opnast ikkje for fiske etter laks med stong og handsnøre i sjø. Vedtaket gjeld frå og med 11. juli 2024.
Endringar i tiltak i laksefisket
Miljødirektoratet fastsett nye reglar for laksefiske i sjø og elv, som blir gjeldande frå og med torsdag 11. juli 2024.
Opning av laksefiske i utvalde vassdrag
Av dei 33 stengte elvane blir 16 vassdrag opna for fiske. I Vestland blir Oselva, Daleelva, Åelva og Ommedalselva, Gaula og Hjalma opna for fiske med strenge føringar.
Fiske i sjø med fastståande reiskap
Det blir ikkje opna for fiske etter laks og sjøaure med kilenot eller lakseverpe i Vestland (Nordfjord og Dalsfjorden).
Fiske etter laks i sjø med stong og hansnøre
Det opnast ikkje for fiske etter laks med stong eller håndsnøre i sjø, i Vestland. All laks som fangast skal straks, og på ein skånsam måte, setjast ut att i sjø.
Meir informasjon om endringane
Sjå Miljødirektoratet si nettside:
https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/nyheter/2024/juli-2024/laksefiske/.