Fagleg påfyll med klima- og naturwebinar

Korleis ta omsyn til klima og natur i planlegging i kommuner, fylkeskommune eller regional forvaltning? Fem nye webinar kjem i haust med ulike relevante tema, og første går av stabelen den 17. september.
Denne webinarrekka er eit tilbod til kommunane frå Miljødirektoratet og Kommunal- og distriktsdepartementet. Webinarane legg vekt på å dele kunnskap som er nyttig for å ta omsyn til klimatilpassing, redusere utslepp og ta vare på naturmangfald i planarbeid. Kva regelverk, kva rettleiing og kva gode eksempel er det å lære i frå? Under webinara kan ein også stille spørsmål og få svar. Send gjerne inn spørsmål på førehand!
Ved å følgje denne lenkja Kunnskapsarena for klima og natur i planlegging eller lenkje i høgrefana kan du få oversikt over nettsida til Miljødirektoratet.
Webinar i opptak som du kan framleis sjå
Det ligg opptak frå tidlegare webinarar tilgjengeleg, dei er alle teksta og ved kvart tidlegare webinar ligg lenkje til relevante kunnskapskjelder. Trykk på tittelen til webinarene under for å kome inn på den aktuelle sida:
5. mars: Klima- og naturhensyn i planstrategien.
19. mars: Hvordan ta hensyn til naturmangfold i planarbeid
9. april: Hvordan redusere klimagassutslipp gjennom planarbeid
30. april: Hvordan bruke planarbeidet til effektiv klimatilpasning
21. mai: Synergier og målkonflikter, natur og klima i planarbeid

Webinar hausten 2024
For haustens webinarer kan du trykke på den enkelte lenkja i tittelen under:
17. september: Temaside og webinar om hvordan kommunene kan bruke planrevisjon og planvask for å styrke hensynet til klima og natur i planarbeidet.