Kunngjering av løyve til asfaltverk i Knarrevik
Peab Asfalt Norge AS avd. Bergen har fått løyve til drift av asfaltverk på Sotra/Knarrevik etter forureiningslova.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 17.03.2023
Løyvet finn du på høgresida og vil også verte tilgjengeleg frå nettsida www.norskeutslipp.no.
Partane og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.