Kunngjering av løyve til utfylling i sjø ved sentrumstomta B9 for Kystbyen AS i Kinn kommune
Kystbyen AS fekk løyve 31. mai 2024 etter forureiningslova til utfylling i sjø. Føremålet er opparbeiding av nytt landareal for nytt bustadområdet og bygging av framtidig molo som skal verne området for vær og vind. Massane som skal nyttast kjem frå Kystverkets prosjekt med utdjuping av innseglinga til Florø hamn. Massane vil bli levert på lekter, og lagt ut i sjøen med gravemaskin.
Søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2024/5810.
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35