Frivillig skogvern - tre nye naturreservat i Sogn og Fjordane

28 nye skogvernområde er vedtatt av kongen i statsråd i dag. Tre av dei ligg i Sogn og Fjordane

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.12.2019


Dei nye naturreservata i Sogn og Fjordane er Bugen naturreservat og Gaddeskogsvatnet naturreservat i Bremanger kommune, og Sørebødalen naturreservat i Høyanger kommune. Alle dei tre områda tre er verna gjennom ordninga med frivillig skogvern.

Det er store naturverdiar i dei tre naturreservata som no vert sikra for ettertida.

For meir informasjon om dei nye verneområda, sjå oppslag på Regjeringen.no:   https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/vernar28viktigeskogomrade/id2681300/

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.