Ny rettleiar om kantvegetasjon langs vassdrag
Kantvegetasjon i form av urter, gras, buskar og tre, dannar næringsgrunnlaget for livet i og langs vassdrag. Eit kantvegetasjonsbelte kan òg bidra til å binde kantsona og redusere faren for erosjon.
Kantvegetasjonen langs vassdraga våre er under sterkt press, og er omhandla av ei rekke lover. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har difor no laga ein rettleiar om kantvegetasjon. Rettleiaren tar føre seg myndigheitsutøvinga etter vassressurslova §11 og avklarar forholdet til andre lover som rører ved kantvegetasjon langs vassdrag.
18.03.2019