I beitesesongen 2018 var det lite tap/skadar på husdyr der freda rovvilt var skadegjerar. Totalt er det i Rogaland utbetalt kr. 25 904,- i erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i 2018.
18.12.2018
Rovviltnemnda har i møte 14.12.2018 vedteke kvotefri gaupejakt for heile region 1 i 2019.
Miljødirektoratet har nettopp produsert ein miljørettleiar for pukkverk. Rettleiaren er retta mot produsentar, konsulentar og styresmakter.
28.11.2018
Fylkesmannen og kommunene arbeider for å få meir oppdatert oversikt over område med forureina grunn i Rogaland. I Miljødirektoratet sin kartbase Grunnforurensning kan du sjekke informasjon om din eigedom.
23.11.2018
Den raudlista elvemuslingen finst framleis i Sokna. Kalkinga av vassdraget og at laksen no er tilbake, har redda elvemuslingen frå å døy ut.
Organisk Materielretur AS har søkt Fylkesmannen om løyve til å ta imot, lagre og gjenvinne plastavfall, tau og nøter på verksemda sitt anlegg på Storøy, gnr. 140 bnr. 49 i Karmøy kommune
21.11.2018
Fylkesmannen har etter søknad endra løyve til arbeid i sjø ved Husøy, eigedomen 86/71 i Karmøy kommune.
15.11.2018
Statens vegvesen har fått endra løyve for RV13 Ryfast, utvida utfylling ved Buøy i Stavanger.
14.11.2018
Fylkesmannen har etter søknad gitt Pelagia Karmsund Fiskemel nytt løyve etter forureiningslova til verksemda sitt produksjonsanlegg for fiskemjøl og fiskeolje på Husøy i Karmøy kommune.
Fylkesmannen har etter søknad gitt Pelagia Egersund Sildoljefabrikk nytt løyve etter forureiningslova til verksemda sitt produksjonsanlegg for fiskemjøl og fiskeolje ved Lindøy i Eigersund kommune.
08.11.2018
Klima- og miljødepartementet gir kvart år tilskot til ulike miljøtiltak som blir sett i verk av organisasjonar, private verksemder, kommunar og privatpersonar. Søknadsfristen er 15. januar for dei fleste tilskotsordningane.
06.11.2018
Friviljuge lyngbrennarar dannar brennelag som tek i bruk moderne verkemiddel for å styrka skjøtselen av kulturlandskapet og gjera den tradisjonelle lyngheibrenninga tryggare og meir effektiv. Då trengst eit nært samarbeid med brannvesen og politi i distrikta. Eldsjelene inviterer til ein møteserie i Sokndal, på Varhaug og Undheim den 6. -7. november.
02.11.2018