Regionalt miljøprogram (RMP)
Dei regionale miljøtilskota er hovudverkemiddelet i regionalt miljøprogram, og informasjon om desse tilskota finn du samla på denne temasida. Tema-sida er oppdatert for søknadsomgangen 2024.
Statsforvaltaren har samla generell søknadsinformasjon og lenke til elektronisk søknadsskjema for regionale miljøtilskot i temaboksane til høgre (visning på pc) eller nedst på sida (visning på mobil). Omtale av tilskotsordningane og nyhende er presentert under. Søknadsportalen opnar 15. september, og søknadsfristen er 15. oktober. For beitelag gjeld eigen søknadsfrist; 15. november.
Oversikt over regionale miljøtilskot for Vestland 2024
Tilskot til miljøarbeid i jordbruket
Bonden gjer ein stor innsats for miljøet. Her er ei oppsummering for tilskotet i 2020. Gardsdrift med sau og geit vart særleg prioritert.
Publisert 17.07.2020
Lagar matfat for insekt i Lærdal
Bønder i Lærdal sår blomster som skal betre livsgrunnlaget og auke næringstilgangen til insekt. Dette er ei prøveordning for Lærdal der bonden får tilskot gjennom regionalt miljøprogram i Vestland.
Publisert 17.06.2020
Tilsyn av dyr på utmarksbeite
Dyr som er på utmarksbeite skal ha tilsyn minst ein gong pr veke. Tilsynslogg kan nyttast for å sikre dokumentasjon på utført tilsyn med dyra i utmarka gjennom beitesesongen (Dyrevelferdslova).
Publisert 28.05.2020
Ta vare på fuglane i slåtten
Du kan no få tilskot om du tek omsyn til åkerrikse, vipe og storspove i slåtten.
Publisert 01.04.2020
Tilskot til meir miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel 2020
Gjennom regionale miljøtilskot finst det fleire tilskotsordningar for meir miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel i Vestland. Vilkåra for å kunne motta tilskot gjeld all gjødsling gjennom sesongen. De må difor vurdere kva som kan vere relevant no, før vårgjødslinga startar.
Publisert 28.01.2020
Bønder tek miljøansvar
Regionalt miljøprogram for Vestland har fordelt 58,7 mill. kr til bønder som gjer ein ekstra miljøinnsats innan prioriterte tiltak på sitt gardsbruk.
Publisert 25.06.2019
Nytt regionalt miljøprogram for Hordaland og Sogn og Fjordane
Som ein del av miljøprogrammet kan bønder søkje tilskot til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, å ta vare på biologisk mangfald og kulturminne, og å redusere ureining. Oversikt over dei ulike tilskota i miljøprogrammet finn du her.
Kontaktpersoner
Søknadsinformasjon
Kva er regionalt miljøprogram?
Kva er regionale miljøtilskot?
Kven kan søke?
Korleis søke?
Søknadsinformasjon
Kart og arealopplysningar til søknaden
Forskrift for Regionale miljøtilskot i jordbruket for Vestland 2024
Kontakt kommunen for spørsmål, hjelp og rettleiing.
Søknad
Video om korleis søkje
Rettleiing om korleis søkje, steg for steg
Elektronisk søknadsskjema (Altinn)
Søknadsskjema 2024 (papirversjon):
Nynorsk - Bokmål
For kommunen
Relevante dokument
Regionale miljøtilskot for å nå FN’s berekraftsmål
Regionale miljøtilskot er viktige virkemiddel i landbruket sitt arbeid med å nå fleire av FN sine berekraftsmål. Aktuelle delmål er til dømes :
- 2.4 om berekraftig system for matproduksjon
- 6.3 om å betre vasskvaliteten ved å redusere forureining
- 13.1 om å redusere klimagassutslepp
- 13.3 om å tilpasse seg klimaendringane
- 15.1 om berekraftig bruk av land- og ferskvassbaserte økosystem,
- 15.3 og 15.4 om matjord, jordhelse, forringa landareal og økosystem i fjellet
- 15.5 om truga natur
Regjeringen: Berekraftsmåla