Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
English Norsk (bokmål) Davvisámegiella Åarjelsaemiengiele
  • Statsforvaltaren i
    Statsforvaltaren.no
    Agder
    Innlandet
    Møre og Romsdal
    Nordland
    Rogaland
    Troms og Finnmark
    Trøndelag
    Vestfold og Telemark
    Vestland
    Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus
  • Om oss
    Om oss
    Kontakt oss
    Kven er Statsforvaltar?
    Tilsette
    Organisasjonen
    Presse
    Historie
    Skjema
    Publikasjonar
    Postjournal
    Podkast - For folk og natur
    Vil du jobbe hos oss?
  • Kontakt oss
  • Tema A-Å
  • Skjema
  • Presse
  1. Møre og Romsdal
  2. Landbruk og mat
  3. Nyheiter - landbruk og mat

Nyheiter - landbruk og mat

Vil skape større matglede for eldre

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug inviterer alle landets sjukeheimar og institusjonar til ein konkurranse rundt matglede for eldre. Konkurransen skal auke medvitet om maten og kva måltida har å seie for eldre. Statsråden skriv no brev til alle ordførarar der ho bed dei engasjere seg for å betre institusjonsmaten.

16.06.2015

Jordvern - kan det vere så viktig?

Landbruksmuseet for Møre og Romsdal arrangerer jordvernkonferanse ved Gjermundnes vidaregåande skule laurdag 13. juni. Konferansen er eit samarbeid mellom museet, fylkesmannen og Møre og Romsdal bondelag. Forfattar Edvard Hoem er blant innleiarane.

15.05.2015

Kulturlandskapsprisen 2015 for Møre og Romsdal

Fylkesmannen vil også i år dele ut kulturlandskapsprisen. Prisen, som er på 10.000 kr og eit kunstverk,  skal gå til ein eller fleire gardbrukarar som utmerkjer seg med miljøvennleg drift. Lag, organisasjonar, kommunar og einskildpersonar vert oppmoda om å kome med forslag til kandidatar innan 1. august.

24.04.2015

Tilskott til klima- og miljøtiltak

Møre og Romsdal har fått 250 000 kroner til klima- og miljøtiltak i landbruket. Fylkesmannen ønskjer å prioritere organisasjonar som vil arbeide med for eksempel handtering av husdyrgjødsel, reduksjon av klimagassutslepp og hydrotekniske tiltak.

23.04.2015

Tilskott til bygdemobilisering og utviklingstiltak

Fylkesmannen kan gje tilskott til prosjektarbeid som skal hjelpe fram landbruksnæringa og ny landbruksbasert verdiskaping. Dei som kan søkje, er organisasjonar, kommunar og institusjonar. Ein del av desse midla kan brukast til å støtte bygdemobiliseringsarbeid, som er lokalt utviklingsarbeid for å arbeide med næringsutvikling, tilflytting og trivsel.

27.03.2015

Samarbeid for sterkare husdyrhald i Geiranger?

Kan vi få tilbake noko av husdyrhaldet i Geiranger? Ei arbeidsgruppe vil presentere resultat og forslag til løysingar på eit ope møte måndag 23. mars. Gruppa har spesielt sett på moglege løysingar når det gjeld økonomi, organisering og bygging av driftsbygningar.

20.03.2015

Orienterer om nytt regelverk i jordbruket

Christian Finnanger frå Landbruksdirektorat kjem til Molde måndag 9. februar, der han vil orientere tilsette i kommunane i Møre og Romsdal om korleis det nye regelverket skal handterast.

03.02.2015

Tingvollost fekk pris for beste meieriprodukt

Den vellagra blåmuggosten Kraftkar frå Tingvollost AS gjekk av med sigeren for Årets beste meieriprodukt i Det Norske Måltid. Kristin Waagen og Egil Smith-Meyer mottok den gjeve prisen under prisutdelinga i Stavanger torsdag.

09.01.2015

BU-prisen 2014 til Gjøra Bygdeutvikling

Under Dyregoddagane 2014 i Gjemnes delte Innovasjon Norge ut bygdeutviklingsprisen til Gjøra bygdeutvikling i Sunndal. Gjøra bygdeutvikling har stått for mobilisering i bygda. Dei har m.a. redda butikken som Coop la ned, noko som skapte kraftig mobilisering av både folk og kapital.

08.09.2014

Kulturlandskapsprisen 2014 til unge bønder i Sunndal

Kulturlandskapsprisen 2014 gjekk til Anne Grete Aklestad Røymo og Roy Andersen på Røymo øvst i Sunndalen. Anne Grete overtok garden i 2003, Ho driv den saman med ektemannen Roy og barna Eirin og Ingvild. Garden ligg om lag 700 m over havet på Røymo øvst og innerst i Sunndalen, ved inngangen til Grøvudalen.

05.09.2014

  • Forrige
  • 43
  • 44
  • 45
  • 46
  • 47
  • 48
  • 49
  • 50
  • 51
  • Neste

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Fann du ikkje det du leitte etter? Gje oss tilbakemelding.

Julsundvegen 9, Postboks 2520, 6404 Molde.

Telefon: 71 25 84 00
sfmrpost@statsforvalteren.no
Organisasjonsnummer: 974764067

Ansvarleg redaktør: Else-May Botten
Nettredaktør: Lena Skattum Sandvik

Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring (uustatus.no)

Sikker melding til statsforvaltaren 
Skjema som krev innlogging m/MinID, BankID osv. som kan nyttast til sikker sending av melding, eller ettersending av dokumentasjon.

Sikker melding til vergemål
Bruk dette skjemaet dersom du vil sende ei melding til vergemålsavdelinga hos Statsforvaltaren.