Fiskeregler for laks og sjøaure i sjøen
Fiske med stang og handsnøre etter laks er stansa i sjøen i Møre og Romsdal. Det betyr at alt fiske etter laks no er forbode i sjøen, og at all laks som blir tatt i slikt fiske umiddelbart skal settast skånsamt ut igjen. Forbodet gjeld og i munningsfredingssoner og 100-meterssoner utanfor elveutløp.
Unntak frå dette er Sunndalsfjorden, Tingvollfjorden, Bergsøyfjorden og Batnfjorden ut til E39. Her er det lov å fiske laks, men sjøaure er freda.
31.03.2020, Endra 03.09.2024