Rovvilt

Oppdatert 08.04.2024

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn blir rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å oppretthalde eit aktivt landbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må vi forvalte rovviltbestanden, samtidig som landbruket må tilpasse seg noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir


Publisert 18.11.2022

Nedgang i tap til freda rovvilt i 2022

Færre har søkt om rovvilterstatning i 2022, og både til jerv og gaupe er det vesentleg mindre tap enn i 2021. Fjord og Rauma har framleis store tap til jerv, medan Surnadal, Sunndal og Stranda har nedgang. Tingvoll er kommunen med nesten alle omsøkte tap til gaupe i fylket. 


Publisert 19.08.2022

Miljødirektoratet opnar ikkje for lisensfelling av brunbjørn i Møre og Romsdal (region 6) i 2022

Bakgrunnen for beslutninga er at bestanden av bjørn framleis ligg under bestandsmålet i desse rovviltregionane, og det ligg ikkje føre eit bestandsgrunnlag for å redusere bestanden eller for å regulere bestanden si utbreiing.


Publisert 19.08.2022

Lisensfelling av jerv i Møre og Romsdal 2022-2023

I Møre og Romsdal kan det fellast inntil 7 jervar i lisensfellinga som startar 20. august.


Publisert 28.01.2022

Gaupejakta startar 1. februar

Det kan fellast inntil fem gauper i forvaltningsområdet for gaupe i Møre og Romsdal når jakta startar 1. februar. I resten av fylket er det kvotefri jakt.


Publisert 14.01.2022

Kvote for lisensfelling av jerv utvida med eitt dyr innanfor forvaltningsområdet

Rovviltnemnda i region 6 tildelte ein ny jerv til kvota for lisensfelling innanfor forvaltningsområdet for jerv i Møre og Romsdal i vedtak 11.01.2022.


Publisert 29.11.2021

Lisensfelling av ulv 2021/2022

Rovviltnemnda i region 6 har opna for felling av inntil to ulvar i Midt-Norge vinteren 2021/2022. Lisensfellingsperioden er 1. desember 2021 til 31. mai 2022.


Publisert 16.11.2021

Auka tap av sau til jerv og gaupe i 2021

Markert auke i tap av sau til jerv i Rauma, Fjord og Stranda. Tap til gaupe er dobla i Tingvoll. Tap til freda rovdyr er nær halvert i Surnadal, medan Sunndal er uendra. 


Publisert 09.09.2021

Lisensfelling av jerv i Møre og Romsdal 2021-2022

I Møre og Romsdal kan det fellast inntil 6 jervar i lisensfellinga som startar 10. september.


Publisert 20.08.2021

Det blir ikkje opna for lisensfelling av bjørn i Møre og Romsdal i 2021

Det er felt tre brunbjørnar på skadefelling i region 6 etter at rovviltnemnda fatta vedtak om betinga skadefelling og lisensfelling 23. april 2021. Dette inneber at det ikkje er att kvote for lisensfelling av brunbjørn i 2021 i region 6.


Publisert 29.01.2021

Gaupejakta startar 1. februar

Det kan fellast inntil fire gauper i forvaltningsområdet for gaupe i Møre og Romsdal når jakta startar 1. februar. I resten av fylket er det kvotefri jakt.