Barnevern

Oppdatert 12.03.2024

Barnevernets hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal dessutan medverke til trygge oppvekstkår for alle barn og unge. Dersom du er misnøgd med barnevernet, kan du klage til Statsforvaltaren.

Kommunens oppgåver

Alle kommunar skal ha ei barnevernsteneste som utfører det daglege arbeidet etter barnevernslova. Barnevernstenesta skal setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Hjelpa kan givast i form av råd og rettleiing, eventuelt i kombinasjon med andre hjelpetiltak. Vanlege hjelpetiltak er for eksempel barnehageplass, støttekontakt, råd og rettleiing og avlastningstiltak i heimen.

Barnevernstenesta har også ansvar for å gripe inn dersom tiltaka i heimen ikkje er tilstrekkelege for å sikre barnets behov. Barnevernstenesta kan då for ein periode i samråd med foreldra formidle plass i fosterheim eller på institusjon, eller på eit senter for foreldre og barn. Dersom eit barn skal plasserast utanfor heimen utan samtykke frå foreldra, må det gjerast vedtak om dette i barneverns- og helsenemnda.

Barn og unge har rett til å klage på barnevernet

Barn og ungdom som har kontakt med barnevernet, har rett til å klage. Du kan seie meininga di om det barnevernet gjer, slik at det kan bli betre. Det gjeld uansett om du bor heime, i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon. Du kan klage på alt du meiner ikkje er rett. Statsforvaltaren skal passe på at barnevernet gjer jobben sin, og ei av dei viktigaste oppgåvene våre er å følgje med på at barnevernet følger lovar og reglar. Derfor kan du klage til oss!

Sei frå her

På denne sida kan du lese meir og sjå døme på kva andre barnevernsbarn har klaga på. 

Dersom det hastar veldig, du ringe Alarmtelefonen for barn og unge, tlf. 116 111.

Vi gir også råd og hjelper alle som tek kontakt med oss: barn, ungdom, besteforeldre, mamma, pappa, fosterforeldre, barnevernstenesta og barnevernsinstitusjonar. Viss du er vaksen og ønskjer å klage på barnevernet, ber vi deg bruke det digitale meldingsskjemaet Melding til Statsforvaltaren.

Barneverns- og helsenemnda

Barneverns- og helsenemnda har mynde til å ta avgjerder blant anna i saker om omsorgsovertaking og i saker som gjeld tvangsinngrep overfor ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Avgjerder som er tekne av barneverns- og helsenemnda, kan bringast inn for domstolane. Denne nemnda heitte tidlegare fylkesnemnda, men endra namn til barneverns- og helsenemda med den nye barnevernslova. 

Statsforvaltarens oppgåver

Statsforvaltaren fører tilsyn med barnevernsverksemda i kommunen. Dette inneber blant anna at Statsforvaltaren behandlar klager på saksbehandlinga i barnevernstenesta og tek stilling til om barnevernstenesta har utført arbeidet sitt etter barnevernslova og forvaltningslova.

Statsforvaltaren er klageinstans for enkeltvedtak som barnevernstenesta gjer etter barnevernslova. Dette vil i dei fleste tilfella vere saker der barn eller foreldre klagar over at dei ikkje får det hjelpetiltaket dei ønskjer.

Statsforvaltaren fører også tilsyn med at barn på barnevernsinstitusjonar får forsvarleg omsorg og god behandling. Vidare skal tilsynet sjå til at barna blir behandla omsynsfullt og med respekt for integriteten til den enkelte. Dette inneber blant anna at barn som blir utsette for tvang på ein barnevernsinstitusjon, kan klage til Statsforvaltaren.

Vis meir


Publisert 31.03.2014

Tildeling av stillingar - styrking av kommunalt barnevern 2014

Søknadane om stillingar i barnevernet for 2014 er nå behandla.


Publisert 14.03.2014

Tilsette i barnevernet treng ikkje lenger samtykke frå Fylkesmannen for å vitna i barnefordelingssaker

Frå 1. januar i år kan barneverntenesta, uhindra av teieplikt, gi opplysningar til domstolen i saker som gjeld foreldreansvar, kvar barnet skal bu og samvær.


Publisert 14.03.2014

Endringar i barnevernlova frå 1. januar 2014

Mellom anna er plikta til å gi forsvarlege tenester lovfesta, barneverntenesta sitt ansvar for barn etter omsorgsovertaking er presisert og fristen for å bringe eit vedtak i fylkesnemnda inn for domstolen er korta ned til ein månad.


Publisert 14.03.2014

Endra tilsynsordning for barn i forsterheim

Frå 1. februar 2014 er det kommunen og ikkje barnevernstenesta som skal føre tilsyn.


Publisert 04.02.2014

Årsrapport tilsyn med barnevernet i 2013

Årsrapport for Fylkesmannens tilsyn med barnevernet i Rogaland 2013 er no klar.


Publisert 04.02.2014

Årsrapport tilsyn med barnevernet i 2013

Årsrapport for Fylkesmannens tilsyn med barnevernet i Rogaland 2013 er no klar.


Publisert 25.04.2013

Fylkesmannens årsrapport på barnevernområdet 2012

Fylkesmannen er klage- og tilsynsmyndigheit på barnevernområdet. Årsrapporten for 2012 er no utarbeidd.


Publisert 05.12.2012

Kartlegging av barnevernet i små kommunar

Kartlegginga som KS har gjennomført, gir svar på spørsmål knytt til utfordringar små kommunar  har på området.


Publisert 26.11.2012

Rettleiar om tvangsekteskap og æresrelatert vald

Rettleiaren er først og fremst retta mot kommunalt og statleg barnevern. Han inneheld kunnskap og beskriv rutinar til bruk i arbeidet med den enkelte saka som omhandlar tvangsekteskap og æresrelatert vald.


Publisert 18.09.2012

Betre vern for barn utsett for menneskehandel

Nye føresegner i barnevernloven gjer at barn som er i fare for å bli utsett for menneskehandel, kan bli plasserte førebels i institusjon utan samtykke frå barnet. Føremålet er å ivareta barnet sitt umiddelbare behov for vern og omsorg.