Barnevern

Oppdatert 12.03.2024

Barnevernets hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal dessutan medverke til trygge oppvekstkår for alle barn og unge. Dersom du er misnøgd med barnevernet, kan du klage til Statsforvaltaren.

Kommunens oppgåver

Alle kommunar skal ha ei barnevernsteneste som utfører det daglege arbeidet etter barnevernslova. Barnevernstenesta skal setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Hjelpa kan givast i form av råd og rettleiing, eventuelt i kombinasjon med andre hjelpetiltak. Vanlege hjelpetiltak er for eksempel barnehageplass, støttekontakt, råd og rettleiing og avlastningstiltak i heimen.

Barnevernstenesta har også ansvar for å gripe inn dersom tiltaka i heimen ikkje er tilstrekkelege for å sikre barnets behov. Barnevernstenesta kan då for ein periode i samråd med foreldra formidle plass i fosterheim eller på institusjon, eller på eit senter for foreldre og barn. Dersom eit barn skal plasserast utanfor heimen utan samtykke frå foreldra, må det gjerast vedtak om dette i barneverns- og helsenemnda.

Barn og unge har rett til å klage på barnevernet

Barn og ungdom som har kontakt med barnevernet, har rett til å klage. Du kan seie meininga di om det barnevernet gjer, slik at det kan bli betre. Det gjeld uansett om du bor heime, i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon. Du kan klage på alt du meiner ikkje er rett. Statsforvaltaren skal passe på at barnevernet gjer jobben sin, og ei av dei viktigaste oppgåvene våre er å følgje med på at barnevernet følger lovar og reglar. Derfor kan du klage til oss!

Sei frå her

På denne sida kan du lese meir og sjå døme på kva andre barnevernsbarn har klaga på. 

Dersom det hastar veldig, du ringe Alarmtelefonen for barn og unge, tlf. 116 111.

Vi gir også råd og hjelper alle som tek kontakt med oss: barn, ungdom, besteforeldre, mamma, pappa, fosterforeldre, barnevernstenesta og barnevernsinstitusjonar. Viss du er vaksen og ønskjer å klage på barnevernet, ber vi deg bruke det digitale meldingsskjemaet Melding til Statsforvaltaren.

Barneverns- og helsenemnda

Barneverns- og helsenemnda har mynde til å ta avgjerder blant anna i saker om omsorgsovertaking og i saker som gjeld tvangsinngrep overfor ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Avgjerder som er tekne av barneverns- og helsenemnda, kan bringast inn for domstolane. Denne nemnda heitte tidlegare fylkesnemnda, men endra namn til barneverns- og helsenemda med den nye barnevernslova. 

Statsforvaltarens oppgåver

Statsforvaltaren fører tilsyn med barnevernsverksemda i kommunen. Dette inneber blant anna at Statsforvaltaren behandlar klager på saksbehandlinga i barnevernstenesta og tek stilling til om barnevernstenesta har utført arbeidet sitt etter barnevernslova og forvaltningslova.

Statsforvaltaren er klageinstans for enkeltvedtak som barnevernstenesta gjer etter barnevernslova. Dette vil i dei fleste tilfella vere saker der barn eller foreldre klagar over at dei ikkje får det hjelpetiltaket dei ønskjer.

Statsforvaltaren fører også tilsyn med at barn på barnevernsinstitusjonar får forsvarleg omsorg og god behandling. Vidare skal tilsynet sjå til at barna blir behandla omsynsfullt og med respekt for integriteten til den enkelte. Dette inneber blant anna at barn som blir utsette for tvang på ein barnevernsinstitusjon, kan klage til Statsforvaltaren.

Vis meir


Publisert 06.03.2017

Bruk av politi i barnevernsinstitusjon

Kontakt med politi kan bli opplevd som skremmande og inngripande, særleg om det vert nytta tvang. Barn me snakkar med fortel også dette.


Publisert 10.10.2016

Barneverntenesta er pålagt å treffe vedtak ved kvar endring i eit hjelpetiltak etter barnevernlova § 4-4.

I brev av 14.09.16 til Oslo kommune, har Bufdir gitt ei lovtolking som avklarer om det er pålagt å treffe vedtak ved kvar endring i eit hjelpetiltak.


Publisert 05.09.2016

Nytt Rundskriv Q-0982 frå 01.04.2016. Retningslinjer om hjelpetiltak, jf. barnevernloven § 4-4.

Målet med retningslinjene er å gi tilsette i barneverntenesta kunnskap om korleis dei kan setje i verk hjelpetiltak på ein god og fagleg forsvarleg måte. Retningslinjene gjer greie for når barneverntenesta skal setje i verk hjelpetiltak, eksempel på ulike tiltak, barns rett til deltaking og formålet med hjelpetiltak.


Publisert 05.09.2016

Barnevernet si handtering av saker der mindreårige kan være utsett for menneskehandel. Nytt rundskriv frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

Rundskriv 01/2016 gjeld barneverntenesta si handtering av saker der mindreårige kan vere ofre for  menneskehandel.


Publisert 19.07.2016

Samarbeid mellom barneverntenester og psykiske helsetenester til barnets beste

Helsedirektoratet (Helsedir) og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har i fellesskap utarbeidd rundskrivet som blei ferdig hausten 2015.


Publisert 08.07.2016

Akuttberedskap i kommunalt

Barn kan trenge øyeblikkeleg hjelp frå barnevernet. Kommunane må derfor ha god nok beredskap til å kunne gi naudsynt hjelp også i feriar og utanom kontortid.


Publisert 08.07.2016

Når barn rømmer fra barneverninstitusjon

Politidirektoratet og Bufdir kom den 16. juni i år med ein ny rettleiar:  «Retningslinjer om oppgave- og ansvarsfordeling mellom barneverninstitusjon, kommunal barneverntjeneste og politi».


Publisert 02.05.2016

Samarbeid skole – barnevern

Forsking understreker at det å satse på opplæring er ein sentral suksessfaktor i den samla satsinga for utsette barn og unge.

 


Publisert 28.04.2016

Bufetats bistandsplikt

Kor raskt må Bufetat tilby barneverntenesta eit forsvarleg tiltak ved plasseringar etter barnevernlova § 4-4, fjerde ledd?


Publisert 21.04.2016

Pålegg om hjelpetiltak i barnevernet

Frå 1. april 2016 har fylkesnemnda fått utvida høve til å pålegge barn og familiar ulike hjelpetiltak i barnevernet.