Sosiale tenester i NAV

Oppdatert 18.11.2024

Den som ikkje greier å forsørgje seg sjølv, kan søkje om sosialhjelp. Hjelpa kan ytast som bidrag, lån eller garanti for lån. Økonomisk sosialhjelp skal først og fremst vere ei mellombels yting, og meininga er at den som søkjer hjelp, skal bli i stand til å hjelpe seg sjølv etter kvart. Søknader om sosialhjelp skal sendast til Nav-kontoret i kommunen.

Økonomisk sosialhjelp er ei mellombels støtte som skal dekkje nødvendige utgifter til å leve og bu. Før du kan få sosialhjelp må du utnytte moglegheitene dine til å forsørgje deg sjølv. Det kan til dømes vere arbeid, andre inntekter eller eigne midlar. Dersom du treng hjelp til å finne ut kva moglegheiter du har, kan du kontakte Nav for å få råd og rettleiing. 

Hovudansvaret for sosialtenesta ligg i kommunane, og det er Nav-kontora som tek hand om kommunens oppgåver på dette området. Det er rettleiande retningslinjer for kor mykje stønad kvar enkelt kan få tildelt, men kommunane har rett og plikt til å bruke skjønn og vurdere kvar sak for seg.

Dei rettleiande satsane i dei statlege retningslinjene omfattar utgifter til heilt grunnleggjande behov, som mat, klede, kommunikasjon, hushaldsartiklar og hygiene med meir, og tek vidare omsyn til andre sider av dagleglivet, som fritid og sosiale behov. Utgifter til andre nødvendige ting, som bustad, straum og oppvarming, bustad- og innbuforsikring og innbu og utstyr inngår i livsopphaldet, men er ikkje inkludert i dei rettleiande satsane sidan dette er utgifter som varierer mykje. Nav skal ikkje ta omsyn til om familien har barnetrygd når dei vurderer søknader frå familiar med barn.

Du kan klage

Dersom du søkjer om sosialhjelp og får avslag frå Nav, kan du klage på vedtaket. Dersom Nav er samd i klagen din, vil dei endre avgjerda og ta kontakt med deg for å gi deg hjelpa du har rett på. Dersom Nav er usamd i klagen din, sender Nav klagen din vidare til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren behandlar klagen og svarer deg med eit brev.

Statsforvaltaren har også eit tilsynsansvar som gir rett og plikt til å føre tilsyn med om kommunen oppfyller pliktene sine etter kapittel 4 i lov om sosiale tenester i Nav. Kapittel 4 regulerer dei individuelle tenestene i lova, blant anna økonomisk stønad.

Gjeldsrådgiving

Kommunen skal tilby innbyggjarane sine økonomisk rådgiving eller gjeldsrådgiving i tråd med lov om sosiale tenester. Denne rådgivingstenesta er som regel eit tilbod ved det lokale Nav-kontoret. Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunane og omfattar blant anna å gi opplærings- og kurstilbod til dei tilsette som jobbar med dette i kommunen.

Vis meir


Publisert 09.09.2020

Statlige veiledende satser for økonomisk stønad er justert (med virkning fra 1.september 2020)

Den veiledende satsen for økonomisk stønad til livsopphold i kategorien Barn 0-5 år er med virkning fra 1.september 2020 økt tilsvarende økningen i barnetrygden for barn inntil fylte 6 år.

 


Publisert 08.07.2020

Presisering knyttet til tilgjengelighet og åpningstider ved NAV-kontoret

Arbeids -og velferdsdirektoratet har uttalt seg i brev av 02.07.20 om tilgjengelighet og åpningstider ved NAV-kontoret. 

 


Publisert 10.06.2020

Uttalelse fra Sivilombudsmannen

Saken gjelder Fylkesmannens kompetanse i klagesaker om rett til kvalifiseringsprogram etter sosialtjenesteloven.


Publisert 09.06.2020

Svikt i ettervern og samarbeid mellom barnevernet og NAV- oppsummering av landsomfattende tilsyn i 2019

I 2019 ble det gjennomført landsomfattende tilsyn med ettervern og samarbeid mellom barnevernet og Nav som tema. Oppsummering av funnene viser lovbrudd i to av tre tilsyn på landbasis. 


Publisert 04.06.2020

Faglig anbefaling om gjenåpning av NAV-kontorene i kommunene

Av smittevernhensyn besluttet flere kommuner i mars å helt eller delvis stenge NAV-kontoret for fysisk oppmøte uten avtale. Nå anbefaler Arbeids- og velferdsdirektoratet at kontorene åpnes igjen.


Publisert 29.05.2020

Ny mellombels forskrift om unntak frå sosialtenestelova

Forskrifta gjeld når aktivitet ikkje kan gjennomførast som planlagd på grunn av koronasituasjonen. 


Publisert 27.05.2020

Boligsosialt arbeid i partnerskap- studietilbud

Vitenskapelige høgskole (VID) i Oslo tilbyr et emne om boligsosialt arbeid i partnerskap. Søknadsfristen er 21. juni.


Publisert 02.04.2020

Moglegheit for å sende sikker melding til Nav om sosiale tenester frå 2.april

Det finst chatløsning og chatbot, men dette er tenester kor Nav berre svarer på generelle spørsmål. Brukarar av sosiale tenester får no moglegheit til å kome i kontakt med NAV via dialogalternativet «Skriv til oss». 


Publisert 16.03.2020

Sosiale tjenester- konsekvenser av pandemi

Arbeids- og velferdsdirektoratet gjennomfører kontinuerlig vurderinger av konsekvenser for de sosiale tjenestene i NAV-kontorene som følge av pandemisituasjonen. 


Publisert 20.02.2020

Gjer deg kjend med dei siste lovtolkingane til sosialtenestelova

Arbeids- og velferdsdirektoratet er delegert myndigheit frå Arbeids- og sosialdepartementet til å tolke regelverket i sosialtenestelova.