Husdyr

Oppdatert 18.11.2024

Husdyrproduksjonen er den viktigaste produksjonen målt i verdiskaping og sysselsetjing i norsk landbruk. I Noreg er det i underkant av 900 000 storfe (mjølkekyr, ammekyr, ungkyr og kalvar), over 800 000 vinterfora sauer, over 1,4 millionar slaktegrisar, over 4 millionar høner og meir enn 73 millionar kyllingar. Vi har også andre husdyr som hjort, lama, geit, kanin, and, gjess og kalkunar.

Husdyrproduksjonen kan delast inn i to hovudformer:

  • Grovfôrbaserte produksjonar – som mjølkeproduksjon (ku og geit) og kjøtproduksjon (ku, sau og geit) – utnyttar i hovudsak lokale arealressursar til matproduksjon og bidreg til å oppretthalde kulturlandskapet gjennom beiting og slått. 
  • Kraftfôrkrevjande produksjonar, som svine- og fjørfeproduksjon.

Husdyrkonsesjon

Husdyrkonsesjonsordninga regulerer det kraftfôrbaserte husdyrhaldet og omfattar svine- og fjørfeproduksjon. Regelverket skal leggje til rette for at svine- og fjørfeproduksjonen blir spreidd på flest mogleg gardsbruk, og set grenser for kor stor produksjon av svin og fjørfe eit gardsbruk kan ha. Du finn meir informasjon om husdyrkonsesjon på nettstaden til Landbruksdirektoratet.

Erstatningsordningar og tilskot

Statsforvaltaren har ansvar for erstatningsordningar i husdyrproduksjonen, tilskot til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak og erstatning for tap av husdyr og tamrein til rovvilt .

Kommunane behandlar søknader om tilskot, gjennomfører stikkprøvekontrollar ved gardsbruk og rettleiar bønder. Statsforvaltaren er koordinator og rådgjevar overfor kommunane. Landbruksdirektoratet har ansvar for hovudutbetalingane til bøndene.

Mattilsynet har ansvar for dyrehelse og næringsmiddelkontroll. Landbruksdirektoratet har ansvaret for kvoteordninga for mjølk.

Avvikling av pelsdyrhald

Stortinget har bestemt at pelsdyrproduksjonen skal avviklast innan 1. februar 2025. Pelsdyrbønder kan søkje Statsforvaltaren om kompensasjon dersom du avviklar før denne fristen. Søknadskjemaet ligg på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Vis meir


Publisert 15.03.2019

Endring av husdyrkonsesjonen kan få store konsekvensar for enkelte produsentar

Landbruks- og matdepartementet har på høyring «forslag til endringer i forskrift om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen». Den vanskelege marknadssituasjonen på svin førte til at avtalepartane ved jordbruksoppgjeret i 2018 bad om å få eit forslag til endring av husdyrkonsesjonsregelverket for å stanse vidare utvikling i bruken av eingongspurker.


Publisert 19.02.2019

Veterinærinstituttet i Sandnes må ikkje bli svekka

I dag er det sendt felles brev til Landbruks- og matdepartementet frå Rogaland fylkeskommune, NHO Rogaland, LO Rogaland og Fylkesmannen om å ikkje svekke kompetansemiljøet ved Veterinærinstituttet i Sandnes


Publisert 30.01.2019

Bøndene med klar tale

Statsråd Olaug Bollestad møtte bondehæren frå Jæren på Varhaug måndag kveld. Ho snakka og lytta, og fekk med seg mange gode innspel tilbake til Oslo.


Publisert 23.01.2019

Kompensasjonsordninga til pelsdyrbøndene må bli betre

Vårt viktigaste råd er at det i 2019 blir gjennomført ei individuell kartlegging av stoda hos kvar einskild farmar, og at dette arbeidet blir sentralt i utforminga av kompensasjonsordninga.


Publisert 23.01.2019

Olaug Bollestad kjem til stormøte på Varhaug 28. januar

Tradisjonen tro blir det stormøte i Varhaug idrettshall måndag 28. januar kl. 19.00, nå med den heilt ferske landbruks- og matministeren frå Rogaland til stades. Tema for møtet er dyrevelferd, og dette vil nok Bollestad også ha fokus på i sitt innlegg.


Publisert 16.01.2019

Framleis overproduksjon av kjøt

Marknadsprognosane for egg og kjøt for 2019 er oppdaterte. Dei viser framleis overproduksjon av svin og egg, og betre marknadsbalanse for storfe.


Publisert 18.12.2018

Kunnskap for betre dyrevelferd i Rogaland

Tilsynsprosjekt i husdyrnæringa har avdekka at bøndene må bli betre på dyrevelferd. Bransjen svarer med tiltak og auka aktivitet. Det handlar ikkje om fleire krav, men om å bruke- og dele kunnskap.


Publisert 03.12.2018

Rogaland styrkar posisjonen som husdyrfylke

Sidan 2010 er det blitt 146 fleire bruk med ammeku i Rogaland. Mange nye produsentar vil gi betydeleg meir kjøt i ein marknad som snart vil mettast.


Publisert 10.10.2018

Sluttmarkering av mjølkeprosjektet på Finnøy på live-podcast

Det blir live-sending frå bondepub på Finnøy fredag 19. oktober kl 19 på Landahuset, som ei sluttmarkering av mjølkeprosjektet Finnøy Framtid Mjølk. Det blir spanande å høyre om prosjektet har resultert i konkrete satsingar. Alle er velkomne til å delta.


Publisert 28.08.2018

Frå industri til byråkrati

Rolf Gunnar Husveg, som kjem frå stillinga som svinerådgjevar ved Fatland AS, har starta opp i husdyrstillinga hos Fylkesmannen i Rogaland.