Nye næringar på garden


Publisert 22.01.2020

Fagdag "Stolt bonde med tru på framtida"

Måndag er det duka for ein fagdag utanom det vanlege i Tysværtunet på Haugalandet. I sentrum står omstilling, berekraft, innovasjon og teknologi i landbruket.


Publisert 17.01.2020

Lokalprodusert sirup til Grüne Woche

Då Osckar Lie og Sigrud Marud Lauridsen overtok Lie gård for 5 år sidan, var det lite som tyda på at produkta frå denne garden skulle reise til verdas største matmesse i Berlin.


Publisert 20.12.2019

Frivillig sal av mjølkekvote til staten opnar 2. januar

Noreg må avvikle eksportsubsidiane innan 2021. For å forhindre overproduksjon av kumjølk i Noreg, blir kvoteeigarar inviterte til å selje mjølkekvoter til staten.


Publisert 04.12.2019

Fylkeskommunen overtar ansvaret for utviklingsmidlar i landbruket

Fylkesmannen sine utgreiings- og tilretteleggingsmidlar for landbruket blir overført til fylkeskommunen frå og med 1. januar 2020.


Publisert 20.11.2019

Nye roller i landbrukspartnarskapet

Regionreforma gir Rogaland fylkeskommune ansvaret for å forvalte regionale tilskot til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving, og til å utforme oppdragsbrevet for dei bedriftsretta investeringsmidlane (IBU) som Innovasjon Norge forvaltar.


Publisert 03.11.2019

Pioneren Olav Røysland frå Voll fekk Bedriftsutviklingsprisen for landbruket 2019

Den innovative bonden foredlar husdyrgjødsel til biogass, og bioresten nyttar han til eigen produksjon av økologiske bær. Han er ein meister i å tenke nytt og har vore ein pilot for satsinga på biogass i Rogaland.


Publisert 24.10.2019

Lærerik Inn på tunet studietur til Vindafjord

25 deltakarar besøkte tidlegare i oktober gardane Søre skogen og Haugen gard. Her var det mykje å lære om Inn på tunet-tilboda retta mot oppvekst og skule samt helse- omsorg- og arbeidssektoren. 


Publisert 23.10.2019

Eit mangfald av smakar frå Fjord-Norge til verdas største matmesse

I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat- og reiselivsopplevingar i verdsklasse. 20 utvalde bedrifter frå Fjord Norge-regionen reiser til verdas største matmesse, Internationale Grüne Woche i Berlin, i januar 2020.


Publisert 14.10.2019

Invitasjon til nettverksmøte om landbruk

Korleis kan vi med FNs berekraftsmål i bakhovudet, hjelpe bygdefolket til å bli meir innovative og nyskapande, samt sikre auka verdiskaping frå landbruket? Spørsmålet blir stilt av kommunane Tysvær og Vindafjord.


Publisert 02.10.2019

Gardsysteri og gardsutsal på Varhaug

– Eg drivast av lysten til å få det til, seier bonde og snart eigar av eige ysteri og gardsutsal, Siri Rasmussen Lea. Saman med mannen Jon Lea set dei nå i gang med ein større satsing på Varhaug med produksjon av ost frå eigen mjølk på garden.