Nye næringar på garden


Publisert 06.05.2020

Satsar på sider i Hjelmeland

Dan Olav Sæbø (31) frå Hjelmeland tok over fruktgarden i Hjelmeland ved årsskiftet 2019/20. Garden på Sæbø er ein gammal fruktgard, og heile garden skal no plantast til med frukttre etter den nye dyrkingsmetoden. I fjor starta han med ein prøveproduksjon av eplesider og har produsert om lag 1200 liter - hovudsakeleg av eple frå eigen gard. Det meste sel han på eit gardsutsal på garden, men frå hausten av er det også planar om å selje til restaurantar i Rogaland.


Publisert 05.05.2020

Nå kan du søke om nasjonale tilretteleggingsmidler i landbruket

Midlene i ordningen skal gi støtte til nasjonale eller fylkesoverskridende tilretteleggingstiltak innen næringsutvikling og kompetanseheving, med mål om å styrke verdiskaping i landbruket. Søknadsfristen er 1.juni!


Publisert 28.04.2020

Inspirasjonstur til Hardanger om bygg i tre

Fire bønder frå Haugalandet var i februar på tur til Hardanger for å hente heim meir kunnskap om å bygge i tre. Bruk av tre i bygg er eit effektivt klimatiltak og er positivt i eit bioøkonomisk perspektiv.


Publisert 22.04.2020

Salg gjennom Reko-ringer – Hvem er forbrukeren?

Telemarksforskning har sett nærmere på salgskanalen Reko-ring og gir oss noen svar på hvilke bedrifter og forbrukere som benytter seg av Reko.


Publisert 01.04.2020

EGG - ei unik ernæringskjelde

Kroppen vår er avhengige av viktige byggeklossar som protein, vitamin og mineral. Egg er proppfull av slike godsaker, og har mange bruksområde. Kokt egg, stekt egg, eggedosis, til baking og matlaging og til påskepynt!


Publisert 17.03.2020

NY FRIST! Nå kan du søke om utviklingsmidlar i landbruket. Søknadsfrist 15.april

Har du ein god prosjektidè som kan utvikle landbruket kan du søke Rogaland fylkeskommune om midlar. Ordninga har skifta namn til "Regionale Tilretteleggingsmidlar" (RT), og du må søke i Rogaland fylkeskommune sin portal Regionalforvaltning.no.


Publisert 10.03.2020

Vellukka årsmøte i 4H Rogaland

Sist helg var det årsmøte i 4H Rogaland der nærare 200 engasjerte ungdomar deltok. Styreleiar Mari Aksdal Hermansen blei gjenvald for ein ny 2års periode. Rogaland 4H har til saman 1300 medlem og 36 lokallag, og det er 4H-klubbar i nesten alle kommunar.  Nokon er små, medan andre er blant dei største i landet. Den gjenvalde styreleiaren på 21 år kjem frå Sola kommune og Skjalg 4H, der ho har vore aktiv sidan barndomen.  


Publisert 21.02.2020

2020 også eit år for bygging av fjøs for 15–30 mjølkekyr!

Rogaland er tildelt 41 millionar kroner i investeringsmidlar for landbruket. Størsteparten av midlane vil gå til mjølkesektoren som har eit omfattande fornyingsbehov.


Publisert 20.02.2020

Kunsten å nytte eigen skog

I Vikebygd i Vindafjord finn vi eit godt døme på billig fjøs bygd i tre frå eigen gard.


Publisert 10.02.2020

Inn på tunet løftet 2 – ny nasjonal satsing

Regjeringa fornyar satsinga på Inn på tunet. Over ein treårs periode vil dei bruke 12 millionar kroner på 3–4 pilotprosjekt på landsbasis. Dei aktuelle satsingsområda er demensomsorg, skule- og pedagogiske tilbod, samt psykisk helse, rusomsorg og arbeidstrening.