Forureining

Oppdatert 05.01.2024

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Statsforvalteren i Rogaland har ein intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Jan Meling (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 26

Stig Sandring (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 31 / 911 37 570

Marit Sundsvik Bendixen (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 36 / 922 49 043

Cathrine Stabel Eltervåg (ass. fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

Publisert 11.01.2013

Løyve til utfylling ved Storasund/Gunnarshaug i Karmøy kommune

Marine Aluminium Industrier AS har fått løyve til mudring og utfylling i sjø ved Storasund/Gunnarshaug i Karmøy. Løyvet er gitt i samband med utviding av kaiareal.


Publisert 03.01.2013

Endra løyve til mudring ved Husøy og Garpaskjæret

Fylkesmannen har etter klage frå Kystverket Vest endra løyvet gitt Kystverket til mudring i sjø ved Husøy og Garpaskjæret i Karmøy og Haugesund kommunar. Endringa gjeld tidspunkt for utføring av arbeida i sjø.


Publisert 21.12.2012

Etterkunngjering mudringsløyve Garpaskjæret og Husøy

Kystverket Vest er gitt løyve til mudring i Karmøy og Haugesund for å sikre seglingsleia i området Garpaskjæret og Husøy.


Publisert 29.11.2012

Nytt rundskriv T-3/12 om myndigheit etter forureiningslova

Dette rundskrivet omtalar mynde gitt Fylkesmannen etter forureiningslova med forskrifter og etter oreigningslova. Rundskrivet erstattar rundskriv T-5/91 og alle andre delegeringar av saksområde til Fylkesmannen fram til fastsettinga av dette rundskrivet.


Publisert 01.06.2010

Informasjon og rettleiar om mudring og utfylling

Nedanfor finn du søknadsskjema, rettleiar, rapportar og andre tips til bruk ved søknad om utfylling og mudring i fjordar og sjøområde.


Publisert 15.09.2003

Forsuringsstatus Rogaland 2002

pH-verdiene i vann i Rogaland økte gjennomsnittelig med 0.06 pH-enhet mellom 1977 og 1987. I perioden 1987 - 2002 var økningen vesentlig større, ca. 0.5 enheter. pH-økningene som ble observert er i samme størrelsesorden som i mange av overvåkningsseriene.