Forureining

Oppdatert 05.01.2024

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Statsforvalteren i Rogaland har ein intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Jan Meling (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 26

Stig Sandring (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 31 / 911 37 570

Marit Sundsvik Bendixen (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 36 / 922 49 043

Cathrine Stabel Eltervåg (ass. fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

Publisert 09.03.2015

Nytt løyve til SJT Miljø AS

Det er gitt løyve etter forureiningslova til SJT Miljø AS i Hå kommune.


Publisert 06.03.2015

Løyve til arbeid i sjø Kvernevik i Hafrsfjord

Fylkesmannen har gitt Stavanger Byggdrift KF løyve til arbeider i sjø i Kvernevik, Hafrsfjord, Stavanger kommune.


Publisert 27.02.2015

Løyve til arbeider i sjø ved Garpaskjær på Risøy

Fylkesmannen har gitt Karmsund Havnevesen IKS løyve til arbeider i sjø ved Garpaskjær på Risøy, Haugesund kommune.


Publisert 05.02.2015

Etterhandskunngjering overføring av løyver til utfylling i sjø i Lervig

Fylkesmannen i Rogaland har tidlegare gitt løyver til utfylling av sprengsteinsmassar i sjø i Lervig til Stavanger kommune i 1999 og Lervig Brygge AS i 2006. Tilletne utfyllingsrammer har ikkje vore nytta fullt ut og Fylkesmannen stadfesta i 2013 at løyva framleis var gjeldande.


Publisert 15.01.2015

Søknad frå Brødrene Flatebø AS om nytt løyve etter forureiningslova

Brødrene Flatebø AS har søkt om løyve til mottak, mellomlagring og gjenvinning av betong i Røyrvika på Knapphus, Vindafjord kommune.


Publisert 03.12.2014

Trekkjer avvik om reinseanlegg for dagsonevatn

Tilbakemeldingen frå Statens vegvesen førte til at Fylkesmannen har trekt to avvik i rapportar etter kontroll av anleggsarbeida med Ryfast på Buøy og Hundvåg.


Publisert 03.12.2014

Krav om elektronisk deklarering av farleg avfall

Alle som har plikt til å levere og rapportere farleg avfall, skal frå nyttår sende inn skjema elektronisk. Miljødirektoratet opnar Avfallsdeklarering.no frå 2015 og industriverksemder bør alt no starte omstilling til bruk av nettstaden.


Publisert 03.12.2014

Endra løyve til Marine Harvest Norway AS

Fylkesmannen har gitt nytt løyve til Marine Harvest Norway AS avd. Industri (Ryfisk) sitt lakseslakteri på Hundsnes i Hjelmeland.  


Publisert 27.11.2014

Kunngjering av løyve til pele- og utfyllingsarbeid ved Kalhammaren

Fylkesmannen har gitt Kalhammarveien 53 AS løyve til pele- og utfyllingsarbeid i sjø ved Kalhammaren i Stavanger kommune.


Publisert 26.11.2014

Nytt løyve til avfallslagring i Tananger

Franzefoss Gjenvinning AS er gitt løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall på Asco-basen i Sola kommune.