Klimaomstilling

Solceller på låvetak i Hjelmeland kommune.
Solceller på låvetak i Hjelmeland kommune. Foto: Dagfinn Hatløy.
Oppdatert 18.11.2024

Utsleppet av klimagassar i Noreg må ned for at vi skal nå dei internasjonale og nasjonale måla som er definerte i Parisavtalen og klimalova. Vi kan avgrense klimaendringane ved å redusere klimagassutslepp og å auke opptak og binding av karbon. Samtidig må vi erkjenne at klimaet alt er i ferd med å endre seg, og at vi må tilpasse oss eit endra klima.

Utsleppsreduksjonar

Statsforvaltaren skal arbeide for å redusere utslepp av klimagassar på ei rekkje område. Vi er bindeleddet mellom nasjonal klimapolitikk og kommunar og andre aktørar i fylket. Statsforvaltaren har dessutan ein viktig funksjon i å følgje opp planarbeidet i kommunane, både som rettleiar i kommunal planlegging og ved å fremje motsegn dersom planar er i strid med nasjonale retningslinjer. På landbruksområdet informerer og rettleiar vi om tiltak og verkemiddel som kan redusere klimagassutsleppa og auke opptak og binding av karbon. Vi jobbar for å formidle kunnskap og informasjon om klima til kommunane innanfor alle ansvarsområda våre. Dette gjer vi gjennom dialog med kommunane og gjennom samlingar, kurs og konferansar.

Klimatilpassing

I Noreg betyr klimaendringane i hovudsak høgare gjennomsnittstemperatur, auka nedbørintensitet, auka avrenning, færre dagar med snø, auka havnivå og konsekvensar for naturmiljøet. Endringane gir auka risiko for flaum, stormflo, skred (både jordskred og snøskred) og skader som følgje av overvatn. Klimaendringane har også meir sakteverkande effektar på natur og samfunn, som endringar i artar og økosystem og endra vilkår for naturbaserte næringar som fiskeri, landbruk og reiseliv. Klimaendringane har ulike konsekvensar i ulike område av landet, og nødvendige tiltak kan variere frå stad til stad. 

Statsforvaltaren skal bidra til at samfunnet klarer å avgrense den negative effekten av klimaendringane. Rolla vår er å ta avgjerder og vere rettleiar innan fleire av fagområda våre. Arealplanlegging har ei nøkkelrolle i klimatilpassingsarbeidet, og Statsforvaltaren rettleiar og kan komme med motsegn. Statsforvaltaren har dessutan ei sentral rolle innanfor regional samfunnstryggleik og beredskap, som omfattar tilsyn, rettleiing og risikoførebyggande arbeid, og handtering av akutte situasjonar. Landbruk, avløp, naturforvaltning og vassforvalting er andre fagområde der Statsforvaltaren kan vere med og bidra til at samfunnet er førebudd på å tole konsekvensane av et endra klima.

Vis meir

Berekraftige satsingar

Klimaomstilling er eitt av tre satsingsområde for Statsforvaltaren i Rogaland. Dei to andre områda er Kommunestruktur og Barn og unge. Gjennom samordna innsats skal me løfte satsingsområda og bidra til ei berekraftig framtid.

Klimaendringane er ein stor omfattande utfordring for samfunnet. I satsinga er hovudmålet vårt å bidra til å styrke kommunane sitt klimaarbeid. I samsvar med visjonen vår – me tek vare på Rogaland – skal me arbeide med klimatilpassing og reduksjon av klimagassutslepp i fylket. I 2021 er arbeidet med å reduserer klimagassutslepp prioritert.

Me skal arbeide for å

  • styrke klimakompetansen i kommunane og i deira arbeid med reduksjon av klimagasser og klimatilpasning.

  • synleggjere samanhengen mellom klimakrisen og naturkrisen.
  • synleggjere plan- og bygningsloven som verktøy for å nå FNs bærekraftsmål.

  • vere pådrivar for tverrsektorielt samarbeid og samordning mellom kommunar og regionalt nivå i arbeid relatert til klimaomstilling.

Publisert 09.08.2022

Fagdag om landbruksbygg i tre 15. september

Klimavenlege og moderne landbruksbygg i tre blir tema torsdag 15. september kl. 09.30 - 15.00 på Bryne Kro og Hotell. Her blir det faglege innlegg frå ulike leverandørar og synfaring av ferdige landbruksbygg i tre.


Webinar om skog- og arealbruks klimabidrag i kommunale planer - webinar 2 av 6

Klimaendringene er en velkjent problemstilling, også i Rogaland. Kommunene er en del av løsningen, og i dette webinaret ønsker vi å vise hvilke muligheter og verktøy kommunen har for å gjøre klimatiltak i sektoren skog- og arealbruk.


Publisert 07.04.2022

Arealnøytralitet og effekter av arealendringer - webinar 1 av 6

Klima- og naturkrisen er velkjente problemstillinger i Rogaland. Kommunene er en del av løsningen, og dette webinaret ønsker å vise til kunnskap, gode eksempler og erfaringer for å styrke vurderingsgrunnlaget i plan- og byggesaker.


Publisert 28.02.2022

Webinarer for kommunene om klimaarbeid

Miljødirektoratet arrangerer gratis webinarer om lokalt klimaarbeid for kommuner, og har satt opp en rekke webinarer for våren 2022.


Publisert 24.02.2022

Offentleg innkjøpsmakt må brukast meir for å nå klima- og miljømål

Ny rapport frå Riksrevisjonen viser at det offentlege ikkje bruker si innkjøpsmakt godt nok for å nå klima- og miljømål. Rogaland har likevel mange gode eksempel der kommunar går føre med innovasjon og klimakrav ved offentlege innkjøp.


Publisert 21.02.2022

Klima i kart og arealplan

God arealplanlegging er grunnleggande for å redusere klimagassutslepp og tilpasse oss til dei pågående klimaendringane. Statsforvaltaren har samla relevante kartlag i eigne «knappar» så det skal vere enklare å bruke dei som vurderingsgrunnlag mellom anna i arealplanlegging.


Publisert 18.02.2022

Kommunane i Rogaland satsar på klimaomstilling!

Då søknadsfristen for Klimasats gjekk ut 15. februar låg det 301 søknadar i bunken. Det melder Miljødirektoratet. Av desse kjem 36 søknadar frå kommunane i Rogaland, som totalt har søkt om 66 millionar kroner i støtte til klimaprosjekt i 2022.


Publisert 17.02.2022

Krise – for klima og natur

Me må handtere klimakrisa og naturkrisa samstundes. Klimaet er ein del av naturen, og løysinga på den eine krisa kan ikkje gå på kostnad av den andre. 


Rapport frå FN om dei fysiske klimaendringane

FNs klimapanel (IPCC) lanserte i august 2021 fyrste del av sin sjette hovudrapport om klimaendringane. Denne delrapporten tek for seg dei fysiske klimaendringane, og fortel oss at me har god nok kunnskap og må gjere tiltak.


Publisert 12.01.2022

250 millionar kr til Klimasats i 2022 – bli med på digitalt inspirasjonsmøte 14. januar

Søknadsfristen 15. februar for Klimasats-midlar nærmar seg. Her kan kommunane søke tilskot til mange ulike klimatiltak. Klimapartnere inviterer alle kommunane i Rogaland til digitalt inspirasjonsmøte fredag 14. januar. På møtet presenterer ei rekke kommunar ulike klimasatsprosjekt.