Verneområde

Oppdatert 26.11.2024

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Reglar for å fly dronar i naturen

Dersom du skal fly drone i naturområde, må du først sjekke om det er spesielle restriksjonar der du ønskjer å fly. Sjølv om du ikkje er i eit område med restriksjonar, må du sørge for at droneflyginga ikkje uroar til dømes fugle- eller dyreliv.

Dei generelle reglane for å fly dronar, finn du på Luftfartstilsynets nettsider om dronar og modellfly.

Kva andre reglar som gjeld for å fly dronar, avheng av kvar du er. Dersom området ligg i eit naturvernområde, må du undersøkje kva reglar som gjeld for akkurat dette området. Alle verneområde har ei verneforskrift som gir reglar for området. Miljødirektoratets nettsider har ei kartløysing som gjer det lett å finne ut om eit område er verna. I kartløysinga finn du også lenke til verneforskrifta som gjeld.

Som hovudregel er bruk av dronar forbode i nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda. Dette er både av omsyn til dyrelivet, og av omsyn til friluftsliv og ro.

Dersom du ønskjer å fly drone i eit verneområde der det er forbode, må du først søkje om løyve. Søknaden skal sendast til den instansen som har forvaltningsmynde for verneområdet. Verneforskrifta har informasjon om kven som har forvaltningsmynde.

Vis meir


Publisert 17.02.2017

Lokal høyring av forvaltingsplanen for Norheimsøy og Lamholmen naturreservat

Norheimsøy og Lamholmen naturreservat vart oppretta ved kongeleg resolusjon i 1982 som ein lokalitet innanfor verneplan for sjøfugl i Rogaland. Forvaltingsplanen er lagt ut for lokal høyring. Merknadar kan sendast fylkesmannen innan 17. mars 2017.


Publisert 01.02.2017

Godkjent forvaltningsplan for Linemyra naturreservat

Fylkesmannen i Rogaland har etter lokal høyring fått godkjent forvaltningsplanen for Linemyra naturreservat i Time kommune.


Publisert 29.11.2016

Utvida vern av Hålandsdalen naturreservat

Kongen i statsråd vedtok fredag 25. november vern av 33 skogområde. Hålandsdalen naturreservat i Suldal kommune vart med dette utvida med 1.360 dekar, og nytt totalareal på reservatet er 7.078 dekar.


Publisert 20.07.2016

Jærkysten er verna!

Fredag 17. juni oppretta regjeringa tre nye marine verneområde, - og Jærkysten i Rogaland er eit av dei.


Publisert 11.07.2016

Tilråding om frivilling vern av skog i Hålandsdalen

Fylkesmannen i Rogaland har sendt tilråding om utviding av Hålandsdalen naturreservat til Miljødirektoratet.


Publisert 02.03.2016

Lokal høyring forvaltningsplan for Linemyra

Forvaltningsplanen for Linemyra naturreservat i Time kommune er lagt ut for lokal høyring. Merknadar kan sendast fylkesmannen innan 29. april 2016.


Publisert 02.03.2016

Godkjent forvaltningsplan for Kyllesvatnet naturreservat

Fylkesmannen i Rogaland har etter lokal høyring nå eigengodkjent forvaltningsplanen for Kyllesvatnet naturreservat. Forvaltingsplanen skal vere eit praktisk hjelpemiddel for å ivareta og fremja verneformålet, og er i tråd med verneforskrifta.


Publisert 04.12.2015

Lokal høyring av forvaltningsplan for Kydlesvatnet naturreservat

Forvaltningsplanen for Kydlesvatnet naturreservat i Sandnes kommune er lagt ut på lokal høyring. Frist for innspel er 18. januar 2016.


Publisert 20.03.2015

Vellukka skjøtsel av over 5000 år gamalt levande kulturminne

Gardbrukarar frå sørfylket gjennomførte onsdag brenning av lyng- og grashei i Synesvarden landskapsvernområde i Hå. Lyngbrenninga skjedde på oppdrag frå Fylkesmannen og er saman med beiting, eit skjøtselstiltak for å ta vare på landskapet.


Publisert 12.03.2015

Ny brosjyre om våtmarkene i Rogaland

Rogaland har nokre av dei viktigaste våtmarkene i landet. Våtmarker er område med myr, vatn og grunne sjøområde.