Når må du søke til Statsforvaltaren?
Gravplassmyndigheita må alltid søke til Statsforvaltaren for nyanlegg, utviding og nedlegging av gravplass, jf. gravplasslova § 4 (lovdata.no).
I tillegg må gravplassmyndigheita søke om å gjere tiltak som blir rekna som ei vesentleg endring av gravplassen. Vesentlege endringar er tiltak som er av ein slik karakter eller storleik at dei vil endre gravplassen sin eigenart eller forholda for dei som besøker gravplassen.
Døme på vesentlege endringar
Døme på tiltak som krev godkjenning:
- minnelundar og urneveggar
- større utvidingar av parkeringsplass og nytt parkeringsareal tett på gravplassen
- nyanlegg av interne vegar eller fjerning/endring av historiske vegar
- fjerning av viktige tre, allé eller annan romdannande vegetasjon
- større tilbygg eller nye bygg (gravkapell, bårehus, driftsbygning, klokkestopul)
- omfattande belysning på gravplassen der det ikkje har vore lys før og lysarmatur plassert inne på gravfelt
- drenering under gravfelt
Godkjenning må vere i orden før arbeidet kan starte.
Nokre tiltak kan dessutan vere søknadspliktige etter andre lover, som til dømes plan og bygningslova eller kulturminnelova.
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er nasjonal gravplassmyndigheit og tek hand om gravplassforvaltninga over heile landet.
Dersom meldinga har sensitiv informasjon, ber vi deg bruke Send melding frå bedrift/organisasjon til Statsforvaltaren (altinn.no)
Generelle spørsmål sender du til sfvtpost@statsforvalteren.no
Du kan også sende brev til
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Postboks 2076
3103 Tønsberg
Telefon: 33 37 10 11
Telefontid: Mandag–fredag kl. 08.00–14.30
Lunsjpause: Kl. 11.00–12.00