Endring av gravplass

Oppdatert for 2 timar sidan

Lokal gravplassmyndigheit forvaltar gravplassane og skal sørge for at alle tiltak på området blir gjennomført på ein måte som varetar orden, verdigheit, funksjonalitet og gravplassens eigenart. Nokre tiltak kan gjerast utan å søke, medan andre blir rekna som vesentlege endringar og krev godkjenning frå Statsforvaltaren før arbeidet startar.

Vel tema

Når må du søke til Statsforvaltaren?

Gravplassmyndigheita må alltid søke til Statsforvaltaren for nyanlegg, utviding og nedlegging av gravplass, jf. gravplasslova § 4 (lovdata.no).

I tillegg må gravplassmyndigheita søke om å gjere tiltak som blir rekna som ei vesentleg endring av gravplassen. Vesentlege endringar er tiltak som er av ein slik karakter eller storleik at dei vil endre gravplassen sin eigenart eller forholda for dei som besøker gravplassen.

Døme på vesentlege endringar

Døme på tiltak som krev godkjenning:

  • minnelundar og urneveggar
  • større utvidingar av parkeringsplass og nytt parkeringsareal tett på gravplassen
  • nyanlegg av interne vegar eller fjerning/endring av historiske vegar
  • fjerning av viktige tre, allé eller annan romdannande vegetasjon
  • større tilbygg eller nye bygg (gravkapell, bårehus, driftsbygning, klokkestopul)
  • omfattande belysning på gravplassen der det ikkje har vore lys før og lysarmatur plassert inne på gravfelt
  • drenering under gravfelt

Godkjenning må vere i orden før arbeidet kan starte. 

Nokre tiltak kan dessutan vere søknadspliktige etter andre lover, som til dømes plan og bygningslova eller kulturminnelova. 

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.