Viktige oppgåver for kommunen i natur- og miljøforvaltninga
Når kommunane behandlar plan- og byggesaker, skal dei ta omsyn til både naturverdiar og allmentas høve til friluftsliv. Dette gjeld også i saker om arealdisponering, der kommunen, fylkeskommunen og Statsforvaltaren har eit felles ansvar.
Viktige lover
Dei to viktigaste lovene for å ta vare på naturmangfaldet er:
- Naturmangfaldlova (lovdata.no), som skal sikre biologisk og landskapsmessig mangfald.
- Plan- og bygningslova (lovdata.no), regulerer arealbruk og skal fremje berekraftig utvikling.
Statsforvaltaren kontrollerer at kommunale vedtak er i tråd med desse lovene.
Les om kommunens rolle i jakt og forvaltning av vilt og rovvilt (statsforvaltaren.no)
Les om kommunens rolle i fiske og fiskeforvaltning (statsforvaltaren.no)
Oppgåvene til Statsforvaltaren
Vi bidreg til å sikre naturtypar, artar og naturressursar ved å
- kontrollere at kommunane følgjer gjeldande lovverk
- sikre at miljøkunnskap ligg til grunn for kommunale avgjerder og planar
- vere klageinstans i saker med naturomsyn
- utføre restaureringstiltak i våtmark
Kontakt oss
Send oss ein e-post, og skriv kva saka gjeld i emnefeltet.
Då blir e-posten sendt til rett fagperson.