Trua artar og naturtypar

Oppdatert 13. mai kl. 12:20

Kommunane skal ta omsyn til verdifull natur når dei planlegg arealbruk og behandlar saker som kan påverke naturen. 

Sårbar natur og dyreliv

Å bygge ned natur, er den største trusselen mot trua artar – både nasjonalt og globalt. 

Innsyn i artsregistreringar 

Nokre registreringar av hekke- og yngleområde for fuglar og pattedyr er skjerma for allment innsyn. Desse blir kalla sensitive artsdata, og er beskytta for å hindre at artane eller leveområda deira blir utsette for forstyrringar, skade eller øydelegging. 

Statsforvaltaren som kan gi tilsette i kommunen tilgang til ein passordbeskytta kartløysing som viser slike data, dersom det er relevant for arbeidsoppgåvene. 

Du kan søke om brukartilgang ved å sende ein e-post til Statsforvaltaren.

Søknaden må innehalde 

  • kort skildring av arbeidsoppgåver der innsyn er relevant 
  • kva kommune og artar du ønskjer innsyn i (enkelte eller alle) 
  • namn, stillingstittel, telefonnummer, e-post og postadresse til arbeidsplassen 

Vi vurderer kvar søknad konkret, basert på retningslinjene for handtering av sensitive artsdata. 

Sertifiserte tømmerkjøparar må kontakte Miljødirektoratet for å søke om tilgang. 

Oppfølging av prioriterte artar og utvalte naturtypar

Oppfølging av prioriterte artar og utvalte naturtypar
Statsforvaltaren følgjer opp ordningar for prioriterte artar og utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Desse verkemidla skal sikre særleg viktige artar og naturtypar som er trua eller har stor verdi.

For prioriterte artar kan det vere eigne forskrifter med forbod mot skade eller øydelegging, og krav til omsyn i arealforvaltning og tiltak. Kommunane har ei viktig rolle i å ta omsyn til slike artar i planlegging og enkeltsaker.

For utvalde naturtypar gjeld ei aktsomheitsplikt. Det inneber at ein skal ta særleg omsyn til naturtypen for å unngå forringing eller øydelegging. Kommunane må vurdere dette i plan- og byggesaker, landbruksforvaltning og annan arealbruk.
Statsforvaltaren gir rettleiing til kommunane og følgjer opp saker der det kan vere konflikt med desse verdiane.

Oppfølging av trua artar og naturtypar skjer gjennom ulike verkemiddel:

  • kartlegging og registrering av naturverdiar
  • oppfølgingsplanar og skjøtselstiltak
  • tilskotsordningar for tiltak i felt
  • rettleiing til kommunar og grunneigarar
  • innspel til kommunal og regional planlegging

I nokre tilfelle blir det utarbeidd eigne oppfølgingsplanar for særleg truga naturtypar eller artar. Desse planane kan innehalde konkrete tiltak for å ta vare på eller betre tilstanden, til dømes restaurering, skjøtsel eller avgrensing av inngrep.
Kommunane er ein viktig samarbeidspart i dette arbeidet, særleg gjennom arealplanlegging og lokal forvaltning.

Miljødirektoratet har òg ein god rettleiar om dette: Truga artar og naturtypar | miljodirektoratet.no

Rolla til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren rettleiar og støttar i arbeidet med

  • klima- og miljøomsyn i arealplanlegging
  • kommunedelplanar for naturmangfald 
  • kartlegging og vurdering av naturverdiar
Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.