Dei viktige beiteareala
Lønsam reindrift krev store areal, og ei av dei største utfordringane for næringa er å vareta reinbeiteareala. Nedbygging og omdisponering av areal, forstyrringar og konkurranse om utmarka frå andre brukargrupper er med på å presse næringa.
Er du reindriftsutøvar?Reindrifta skal få høve til å delta aktivt og ha innverknad i avgjerdsprosessar som gjeld næringsgrunnlaget deira. Konsultasjon inneber at myndigheitene er forplikta til å høyre på og vurdere samiske interesser før dei tar avgjerder, særleg når tiltak kan ha betydelege og direkte negative konsekvensar for samisk kultur og reindrift. I 2021 gav Kommunal- og moderniseringsdepartementet ut ein rettleiar som skal fungere som eit praktisk hjelpemiddel ved konsultasjonar.
Reindriftsforvaltning i Sør-Noreg
Statsforvaltaren i Trøndelag har ansvar for reindriftsforvaltninga i Sør-Noreg. Den formelle retten til å fremje motsegn i plansaker ligg hos statsforvaltaren der arealet ligg. Konkrete arealsaker som gjeld tamreindrift, blir derfor behandla som eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Trøndelag og statsforvaltaren der arealet ligg.