Reindrift i kommunale planprosessar

Oppdatert 23. mars kl. 12:55

Kommunen er lokal planmyndigheit og skal vareta interessene til reindrifta i dei kommunale planprosessane. Statsforvaltaren kan fremje motsegn i dei tilfella nasjonale og vesentlege regionale reindriftsinteresser ikkje blir varetatt.

Dei viktige beiteareala

Lønsam reindrift krev store areal, og ei av dei største utfordringane for næringa er å vareta reinbeiteareala. Nedbygging og omdisponering av areal, forstyrringar og konkurranse om utmarka frå andre brukargrupper er med på å presse næringa.

Er du reindriftsutøvar?

Reindriftsforvaltning i Sør-Noreg

Statsforvaltaren i Trøndelag har ansvar for reindriftsforvaltninga i Sør-Noreg. Den formelle retten til å fremje motsegn i plansaker ligg hos statsforvaltaren der arealet ligg. Konkrete arealsaker som gjeld tamreindrift, blir derfor behandla som eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Trøndelag og statsforvaltaren der arealet ligg. 

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Unngå å skrive inn personleg informasjon. Meldinga di blir berre lesen av tilsette som jobbar med nettstaden. Vi har ikkje høve til å svare deg her.

Du har 400 teikn igjen.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.