Apostille

Oppdatert 16. juni kl. 13:59

For at eit dokument skal vere gyldig i utlandet kan det vere nødvendig med apostille. Det er gratis å få apostille. 

Krav til dokumentet

Dokument frå norske styresmakter kan bli gyldige i utlandet med apostille. Vi kontrollerer at signaturen er registrert hos oss før vi stadfestar at signatur og stempel på offentlege dokument er ekte.

Dette er dokumenta som kan få apostille: 

  • originale dokument med rundt løvestempel og gyldig signatur, til dømes frå Skatteetaten, tingretten, politiet eller Brønnøysundregistera
  • gyldig signatur er helst påført med blå penn
  • namnet og tittelen til den som har signert skal vere skrivne anten med trykte bokstavar eller blokkbokstavar 
  • rett kopi av et dokument som er stadfesta med eit originalt stempel frå norsk styresmakt 
  • originale dokument eller rett kopi som er bekreftet av notarius publicus (tingretten)

 

Døme på dokument vi IKKJE kan gi apostille: 

  • digitale dokument (e-post, skanna dokument)
  • omsettte dokument frå statsautoriserte translatørar der dokumentet manglar stadfesting frå tingretten (notarius publicus)
  • dokument som er frå andre land
  • dokument som du skal bruke i Norden (då er apostille unødvendig)
  • dokument du skal bruke i land som ikkje har underteikna Haag-konvensjonen

Vi kan ikkje hjelpe til med å omsetje dokument til andre språk, stadfeste innhaldet i eit dokument eller stadfeste rett kopi av dokument. Nokre offentlege instansar gir deg fleirspråklege attestar dersom du ber om det. 

Slik får du apostille

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.