Førerkort og helse

Oppdatert 27. februar kl. 09:11

Når helsa påverkar evna til å køyre trygt, må du som lege, optikar eller psykolog ta stilling til om pasienten framleis oppfyller krava for å ha førarkort. Du har ansvar for å gjere nødvendige vurderingar, følgje opp situasjonen og melde frå når regelverket krev det.

Viktig å vite

På denne sida finn du ei samla oversikt over kva du skal gjere når helseforhold påverkar køyreevna. Her skildrar vi korleis du vurderer helsekrava, når du skal gi munnleg køyreforbod og når meldeplikta til Statsforvaltaren gjeld. 
 

Pasienten må ha helseattest for å ha førarkort dersom vedkomande

  • har ein sjukdom eller tilstand som kan påverke køyreevna
  • skal ha førarkort i gruppe 2 eller 3
  • er over 80 år

Du finn utfyllande informasjon om helsekrav på Helsenorge.no.

Du kan gi munnleg køyreforbod når pasienten ikkje oppfyller helsekrava for førarkort, men tilstanden kan bli betre innan 6 månader. Dette inneber at du

  • informerer pasienten om at vedkomande ikkje har lov til å køyre etter vegtrafikklova paragraf 21
  • gir informasjonen både munnleg og skriftleg
  • journalfører vurderinga

Viktig: Dersom du får kjennskap til at pasienten likevel køyrer, har du fleire plikter. Sjå rettleiaren til Helsedirektoratet: Muntlig kjøreforbud (helsedirektoratet.no)

Her kan du lese meir om helsekrava som må oppfyllast for å ha førarkort: Helsedirektorates førerkortveileder (kapittel 4-8)

Du skal varsle Statsforvaltaren når pasienten ikkje oppfyller helsekrava, og helsesvekkinga er venta å vare lenger enn seks månader. Meldeplikta gjeld lege, optikar og psykolog og gir unntak fra teieplikta.

Du melder frå via Send melding til Statsforvaltaren.

Meldinga må innehalde

  • relevante helseopplysingar
  • grunngjeving for kvifor helsekrava ikkje er oppfylte
  • vurdering av tidsforløp (kor lenge tilstanden er venta å vare)

Vi ber deg unngå å ta med teiepliktige opplysningar om andre forhold enn det som gjeld vurdering av helsekrava. 

Nei. Det er ikkje klagerett på den medisinskfaglige vurderinga di om å melde pasienten til Statsforvaltaren. 

Dersom pasienten er usamd i vurderinga, kan vedkomande få ei ny medisinsk vurdering hos ein annan lege eller optikar, og deretter sende den nye vurderinga til politiet eller Statsforvaltaren.

Når Statsforvaltaren får meldinga, vurderer vi om helseopplysingane gir tilstrekkeleg grunnlag for at helsekrava ikkje er oppfylte, og om munnleg køyreforbod ikkje er tilstrekkeleg fordi helsesvekkinga er venta å vare lenger enn seks månader.

Dersom vi er samde i vurderinga di ber vi politiet tilbakekalle førarretten. Politiet sender då brev til pasienten og pasienten får høve til å uttale seg før politiet gjer endeleg vedtak.

Det er svært avgrensa høve til dispensasjon. Helsekrava følgjer EUs førarkortdirektiv, og omsynet til trafikktryggleik veg tungt.

Dersom pasienten får avslag på søknaden om dispensasjon, kan vedkomade klage på vedtaket.

Om det skjer, vurderer Statsforvaltaren saka på nytt. Dersom vedtaket blir oppretthalde, blir saka sendt til Helseklage for endeleg behandling.

Treng du hjelp?

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.