Bruk av tvang i helse- og omsorgssektoren

Oppdatert 13. mars kl. 10:17

Statsforvaltaren har ansvar for å sikre at kommunane følgjer lovverket for bruk av tvang i helse- og omsorgstenestene.

Riktig bruk av tvang

Tvang kan berre brukast når det er heilt nødvendig, og når andre løysingar er prøvd først. Vi er klage- og kontrollinstans for fleire regelverk om tvang og makt i helse- og omsorgstenesta.

  • Rettleie i regelverket: Vi gir råd og informasjon om korleis lover som pasient- og brukarrettslova, helse- og omsorgstenestelova og psykisk helsevernlova skal forståast og brukast.
  • Godkjenne vedtak om tvang: Kommunen må sende vedtak om planlagd bruk av tvang til oss for godkjenning. Vi vurderer om tiltaka er nødvendige og lovlege.
  • Motta meldingar om akutt tvangsbruk: Ved bruk av tvang i nødsituasjonar skal kommunen straks melde frå til oss. Vi følgjer opp at dette blir dokumentert og handtert riktig.
  • Føre tilsyn: Vi kontrollerer at kommunane følgjer reglane og gir forsvarlege tenester. Dette gjeld særleg tenester til personar med psykisk utviklingshemming og pasientar utan samtykkekompetanse.
  • Behandle klager: Pasientar, pårørande og verjer kan klage til oss på vedtak om tvang. Vi vurderer saka og kan endre eller oppheve vedtaket.
  • Vurdere langvarige vedtak: Viss eit vedtak varer meir enn tre månader, skal vi vurdere om det framleis er behov for helsehjelpa.

Målet vårt er å bidra til at kommunane gir trygge og lovlege tenester – med riktig bruk av tvang.

Treng du hjelp? 

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.