Finn tilskota hos Landbruksdirektoratet
Alle dei ulike ordningane som finst for tilskot til miljø og klimatiltak i landbruket finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider:
Gjødsel – lagring og bruk
Kommunen skal følge tilsyn med at regelverket blir følgd, og kan fatte enkeltvedtak for å sikre dette.
Finn meir informasjon og rettleiing på Landbruksdirektoratet sine nettsider:
Regionale miljøtilskot (RMP-tilskot)
Tilskotet skal stimulere bøndene til å gjere tiltak for å avgrense forureining og fremje kulturlandskapsverdiar. Kommunane skal rettleie bøndene om tilskotet og behandle søknadar. Landbruksdirektoratet har meir informasjon om forvaltningsansvar og saksbehandlinga av regionale miljøtilskot:
Sjå informasjonen til føretaka om RMPHer finn du hjelp til saksbehandling
SMIL er ei statleg tilskotsordning som kommunen har ansvar for å forvalte. Oppgåva er ikkje ein del av kommunen si frie verksemd, men inngår i statens forvaltningsstruktur.
Vi fordeler og omfordeler midlar til kommunen og er klageinstans. Vi har også ansvar for å rettleie kommunen. I lenka under finn du svar på nokre ofte stilte spørsmål om saksbehandling. Ta kontakt med oss om du treng meir hjelp.