Målet med tilsyn
Formålet med tilsyn er å kontrollere om kommunane oppfyller sine lovpålagde plikter etter sosialtenestelova. Gjennom tilsyn skal Statsforvaltaren:
- sikre rettstryggleiken til brukarar av sosiale tenester
- bidra til at tenestene held god kvalitet
- avdekkje svikt og risiko for svikt
- bidra til forbetring og læring i tenestene
Tilsynet er eit viktig verkemiddel for å sikre at personar i ein sårbar situasjon får den hjelpa dei har krav på.
Korleis går tilsynet føre seg?
Statsforvaltaren gjennomfører ulike former for tilsyn, mellom anna:
- Systemrevisjonar, der vi undersøkjer om kommunen har styring og praksis som sikrar at lovkrava blir oppfylte
- Hendingsbaserte tilsyn, der vi følgjer opp konkrete saker eller bekymringsmeldingar
- Landsomfattande tilsyn, som blir gjennomførte i samarbeid med Helsetilsynet
I tilsyna hentar vi inn dokumentasjon, gjennomfører intervju og vurderer praksis opp mot krava i lov og forskrift.
Dersom tilsynet avdekkjer lovbrot, følgjer Statsforvaltaren opp kommunen med krav om retting og forbetring.
Statsforvaltaren er statleg tilsynsmyndigheit og fører tilsyn med at kommunen oppfyller pliktene sine etter sosialtenestelova. Tilsynet er uavhengig av kommunen og skal bidra til å sikre likeverdige tenester på tvers av landet.
Du kan lese meir om tilsyn og tilsynsmetodikk på hovudsida om tilsyn
Statens helsetilsyn har det overordna faglege tilsynsansvaret for sosiale tenester i Nav. Statsforvaltaren gjennomfører tilsyna lokalt på oppdrag frå Helsetilsynet.
Les meir om tilsyn på nettsidene til Helsetilsynet:
Viss du treng å snakke med oss, kan du ringe:
Telefonnummer
55 57 27 00
Telefontider
Tysdag, onsdag og torsdag 12.00 til 14.00.