Tilskot i landbruket

Oppdatert 07.06.2024

Statsforvaltaren har oppgåver knytt til forvaltning av ei rekkje tilskotsordningar innan jord- og skogbruk. Innan jordbruk er dei viktigaste ordningane produksjonstilskot, avløysartilskot og regionale miljøtilskot. Innan skogbruk er tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket blant dei største tilskotsordningane.

Det er kommunane som er førsteinstans for dei fleste tilskotsordningane. Kommunane informerer brukarane, behandlar søknader og gjennomfører stikkprøvekontrollar ved gardsbruka. Statsforvaltaren er koordinator og rådgivar overfor kommunane.

Statsforvaltaren rettleier kommunane om tilskotsordningane og er klageinstans for kommunens vedtak. Statsforvaltaren gir eventuelle dispensasjonar, og då er det Landbruksdirektoratet som er klageinstans. Statsforvaltaren skal dessutan gjennomføre forvaltningskontrollar hos kommunane og føretakskontrollar på enkeltbruk. Det blir utarbeidd ein plan for denne kontrollverksemda kvart år.

Tilskot ved produksjonssvikt

Jordbruksføretak med omfattande svikt i planteproduksjon på grunn av klimatiske forhold kan søkje om tilskot. Før du søkjer må du ha ha meldt frå om svikten til kommunen. Søknadsfristen er 31. oktober det året avlingssvikten oppstod.

Du kan lese meir på nettstaden til Landbruksdirektoratet. Der finn du både meldeskjema og søknadsskjema.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 16.01.2020

Landbrukstilskot med ny adresse i 2020

Bønder må førebu seg på kommune og fylkeskommune som ny adresse for fleire landbruksordningar. Dette er oppgåver som blir flytta som resultat av regionreforma.


Publisert 28.10.2019

Støtte til drift av beitelag

I Hordaland og Sogn og Fjordane er det over 300 000 beitedyr i utmarka. Til saman er det over 200 beitelag, som er med i organisert beitebruk. Beitelaga gjer ein stor jobb med å få til fellestiltak og er gode på å ta i bruk ny teknologi, som hjelper med å få ned tap på beite.


Publisert 25.09.2019

Midlar til tiltak i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Nærøyfjorden

Fylkesmannen i Vestland lyser ut midlar til tiltak i verdsarvområdet med søknadsfrist 15. oktober 2019.


Publisert 20.09.2019

Midlar til tiltak i utvalde kulturlandskap

Fylkesmannen i Vestland lyser ut midlar til tiltak i utvalde kulturlandskap (UKL) Grinde og Engjasete og Stadlandet med søknadsfrist 10. oktober 2019.


Publisert 29.08.2019

Siste frist for å søke tilskot til utsiktsrydding

Tilskot til utsiktsrydding vert avvikla ved nyttår. Det står att om lag 1 mill. kroner til fordeling til føretak i Hordaland og Sogn og Fjordane. Innsendingsfristen til Fylkesmannen er 1. oktober, og søknader med beiting etter utført rydding vil bli prioriterte.


Publisert 12.06.2019

Nytt regionalt miljøprogram for Hordaland og Sogn og Fjordane

Som ein del av miljøprogrammet kan bønder søkje tilskot til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, å ta vare på biologisk mangfald og kulturminne, og å redusere ureining. Oversikt over dei ulike tilskota i miljøprogrammet finn du her.


Publisert 20.03.2019

Tilskot til utsiktsrydding

Fylkesmannen lyser ut midlar til utsiktsrydding for 2019. Søknadene vert handsama fortløpande, og dei skal sendast til kommunen. Tilskot til utsiktsrydding har no felles retningslinjer for Sogn og Fjordane og Hordaland som gjeld frå søknadsomgangen 2019.