Avfall og gjenvinning

Oppdatert 22.01.2024

Avfall og gjenvinning omfattar innsamling, mottak, lagring, behandling, gjenvinning og anna handtering av avfall. Dette kan føre til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter.

Farleg avfall

Farleg avfall kan ikkje handterast saman med vanleg avfall. Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan føre til alvorleg forureining og skade menneske og dyr. Verksemder som produserer farleg avfall, har plikt til å levere avfallet til eit godkjent avfallsmottak. Før transport skal avfallet deklarerast elektronisk på www.avfallsdeklarering.no

Statsforvaltaren kan gi løyve

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for dei fleste avfallsanlegg og kan gi løyve til verksemd som fører til forureining. Dette omfattar anlegg for mottak, sortering og behandling av avfall, bilvrakplassar, deponi, komposteringsanlegg og forbrenningsanlegg. Når Statsforvaltaren gir slike løyve, må verksemda i nokre tilfelle setje i gang spesifikke tiltak for å minske ulempa for andre. Statsforvaltaren skal også hente inn avfallsplanar frå hamner og drive tilsyn med dei.

Statsforvaltaren kontrollerer avfallsanlegga for å sikre at krava i løyva blir etterlevde. Det er forureiningslova, avfallsforskriftene, internkontrollforskrifta og løyva som er gitt, som ligg til grunn for kontrollane. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 12.03.2021

Handtering av brøytesnø

Snø som blir liggande på vegar kan innehalde partiklar, mikroplast, sand, grus og avfall, tungmetall og andre miljøgifter. Deponering og dumping av slik snø kan føre til forureining og derfor krevje løyve frå Statsforvaltaren.


Publisert 11.02.2021

Mange avfallsanlegg har auka merksemd på brannrisiko

Saman med brann- og redningsetaten gjennomførte vi 14 tilsyn på avfallsanlegg i oktober 2020. Dei fleste anlegga hadde vurdert brann- og påfølgande miljørisiko, men fleire anlegg hadde manglar ved sine vurderingar. 


Publisert 21.10.2020

Kunngjering - Endra løyve til Franzefoss gjenvinning AS avd. Knarrevik

Franzefoss gjenvinning AS avd. Knarrevik har 19. oktober 2020 fått endra løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg i Knarrevik industripark i Øygarden kommune. Løyvet slår saman tidlegare løyve til eitt løyvedokument.


Publisert 02.10.2020

Landsdekkande tilsyn med branntryggleik i avfallsanlegg

I oktober kontrollerer myndigheitene branntryggleiken på avfallsanlegg og korleis dei avgrensar miljøskadane om det oppstår brann.


Publisert 02.10.2020

Søknad om løyve til Bergen Rideklubb sitt komposteringsanlegg på Sletteneset i Bergen kommune

Bergen Rideklubb søkjer om å motta og kompostere inntil 750 tonn hestemøkk årleg. Høyringsfrist 30. oktober 2020.


Publisert 23.09.2020

Søknad om endring av løyve til Norsk Gjenvinning Metall AS i Arna

Norsk Gjenvinning Metall AS avd. Arna søkjer om å kunne lagre inntil 50 tonn kasserte blybatteri.


Publisert 23.09.2020

Søknad om endring av løyve til Franzefoss Gjenvinning AS sitt anlegg i Øygarden

Franzefoss Gjenvinning AS avd. Eide søkjer om å auke mottaket av slam frå 2000 til 3000 tonn. Frist for uttale er 23. oktober 2020.


Publisert 17.09.2020

Kunngjering - Endra løyve til avfallsanlegg i Bergen kommune

Arna Jordsortering AS har 16. september 2020 fått løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg i Langedalen i Bergen kommune.


Publisert 11.09.2020

Kunngjering - endra løyve til avfallsanlegg

NOBI AS har fått endra løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg på Bjørkemoen i Voss herad.


Publisert 28.08.2020

Kunngjering - Løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegg i Simadalen

Lindum AS har 18. august 2020 fått løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg i Simadalen i Eidfjord kommune