Fiskeforvaltning

Oppdatert 09.09.2024

Statsforvaltaren har ansvar for forvaltninga av laks og sjøaure, sårbare bestandar av innlandsfisk og fisk i regulerte vatn.

Statsforvaltaren samlar inn fangststatistikk frå lakse- og sjøaurefisket, registrerer deltaking i sjølaksefisket og deler ut tilskot frå det statlege fiskefondet. Overvaking er viktig for å kunne ta vare på og styrkje fiskebestandane. Statsforvaltaren har tett kontakt med grunneigarar og jakt- og fiskelag, og samarbeider tett med politiet, Statens naturoppsyn og Kystvakta om oppsyn med fiskeressursane.

Miljødirektoratet har ansvar for fiskereguleringar i elv og sjø og utarbeider forskrifter for fiske av laks og sjøaure.

Fylkeskommunen har ansvar for innlandsfisk av ikkje-trua bestandar i vatn som ikkje er regulerte. Fylkeskommunen har også ansvar for tildeling av fiskeoppdrettskonsesjonar.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 05.03.2021, Sist endra 05.03.2021

Skal du fiske i sjøen? Les dette først

Fiske i sjø er gratis og ope for alle, men nokre reglar må ein setje seg inn i før fisketuren. Frå 1. mars gjeld nedsenkingspåbod for garn, det er strengare reglar for fiske i fredingssonar, og alt fiske etter laks og sjøaure i Hardanger-fjorden er forbode frå 1. mars–30. april.


Publisert 19.02.2021

Fangst av laks og sjøaure i 2020

I sesongen 2020 vart det fiska totalt 42 420 kg laks og 7 364 kg sjøaure i Vestland. Av dette vart 6 129 kg tatt i sjølaksefisket i Sogn og Fjordane. 


Publisert 24.06.2020

Høyring av forslag om nye fisketider for laks og sjøaure frå 2021

Forslag til nye fisketider for laks og sjøaure i vassdrag og sjø er no sendt på høyring. Frist for å komme med innspel er 6. september 2020.


Publisert 24.04.2020

Uendra fisketid etter laks og sjøaure i 2020

Det er ikkje planlagt å endre fisketida etter laks og sjøaure i Vestland for fiskesesongen 2020.


Publisert 02.03.2020

Revisjon av fisketider

I 2021 blir det nye forskrifter for fiske etter laksefisk i elv og sjø. Arbeidet med revisjonen har starta.


Publisert 28.01.2020

Fangst av laks og sjøaure i 2019

Totalt 34 154 kg laks og 6 171 kg sjøaure vart fiska i Vestland i 2019. Av dette vart 5 955 kg tatt i sjølaksefisket i Sogn og Fjordane.


Publisert 13.12.2019

Vil du høyre siste nytt om redningsaksjonen for Vossolaksen?

Fylkesmannen inviterar til informasjonsmøte om redningsaksjonen for Vossolaksen tysdag 17. desember frå kl. 18.00 - 20.30 i kulturhuset på Voss.


Publisert 07.10.2019

Fiske etter rømt oppdrettsfisk i sjø i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen opnar for at oppdrettsfisk fanga på garn i Sogn og Fjordane kan avlivast ut oktober 2019.


Publisert 01.10.2019

Fiske etter rømt oppdrettsfisk i Sognefjorden

Etter rømminga av laks frå slakteriet i Brekke opnar Fylkesmannen opp for at oppdrettslaks tatt på garn i deler av Sognefjorden kan avlivast. 


Publisert 17.07.2019

Stenging av laksefiske i Sogn og Fjordane

Fisket etter laks i fleire vassdrag rundt Sognefjorden og Førdefjorden vert i år stengt 14 dagar tidlegare.