Rik edellauvskog og gamal barskog verna
Den 19. mars vart 15 skogområde i tre fylke verna som naturreservat ved kongeleg resolusjon. To av områda ligg i Vestland. Hopslia på grensa mellom Samnanger og Bjørnafjorden, og utviding av naturreservatet Gulbergnotten i Ullensvang. Naturreservata er oppretta gjennom ordninga med frivillig skogvern.
Publisert 23.03.2021
Kartlegging av ukjente og nyoppdaga korallrev i ytre Hardangerfjorden
Kartlegging av korallførekomstar er verdifullt med tanke på å auke kunnskapsgrunnlaget rundt desse viktige og sårbare naturtypane. No skal fem område i ytre Hardangerfjorden kartleggast.
Publisert 22.03.2021
Kinn kommune søkjer om løyve til opprydding av forureina masse på nedlagt skytebane
Kommunen skal etablere idrettshall og har behov for å skifte ut masse. Grunnen er forureina av tungmetall og planlagt arealbruk er ikkje i samsvar med noverande forureining i grunnen.
Publisert 16.03.2021
Kunngjering - Nytt løyve til Avinor AS avd. Bergen Lufthavn
Avinor AS avd. Bergen Lufthavn har den 8. mars 2021 fått nytt løyve etter forureiningslova til auka bruk av fly- og baneavisingskjemikalier.
Publisert 16.03.2021
Romarheim Entreprenør søkjer om anlegg for rensing av forureina massar
Anlegget er plassert på industriområde i Alver med adresse Alvervegen 25. Anlegget skal ta mot massar med forureiningsgrad opp til klasse 5 i Tilstandsklasser for forurenset grunn (TA-2553/2009).
Publisert 16.03.2021
Kunngjering - Nytt løyve til avløpsreinseanlegg i Søre Askøy tettstad
Askøy kommune fekk 12. mars 2021 løyve etter forureiningslova til utslepp frå avløpsreinseanlegg med sekundærreinsing i Søre Askøy tettstad.
Publisert 12.03.2021
Statsforvaltaren har sendt ut brev om handtering av brøytesnø
Snø som blir liggande på vegar kan innehalde partiklar, mikroplast, sand, grus og avfall, tungmetall og andre miljøgifter. Deponering og dumping av slik snø kan føre til forureining og derfor krevje løyve frå Statsforvaltaren.
Publisert 12.03.2021
Søknad om utsleppsløyve for Kletten gang- og sykkeltunnel i Førde i Sunnfjord
Statens vegvesen Utbygging søkjer om løyve til utslepp av reinsa anleggsvatn i samband med bygging av gang- og sykkeltunnel gjennom fjellpartiet Kletten i Førde i Sunnfjord kommune.
Publisert 05.03.2021, Sist endra 05.03.2021
Skal du fiske i sjøen? Les dette først
Fiske i sjø er gratis og ope for alle, men nokre reglar må ein setje seg inn i før fisketuren. Frå 1. mars gjeld nedsenkingspåbod for garn, det er strengare reglar for fiske i fredingssonar, og alt fiske etter laks og sjøaure i Hardanger-fjorden er forbode frå 1. mars–30. april.
Publisert 05.03.2021
Rolf Morten Løviknes søkjer om løyve til etablering av avfallsanlegg
Det vert søkt om etablering og drift av anlegg for miljøsanering av bilar og båtar, og omlasting av næringsavfall.
Publisert 02.03.2021
Kunngjering – Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Kinn kommune
Langøylaks AS, Austevoll Melaks AS og Troland Lakseoppdrett AS fekk 26.02.2021 løyve etter forureiningslova til å etablere eit nytt matfiskanlegg på lokaliteten Bleket.
Publisert 02.03.2021
Planting av utanlandske treslag
Du treng løyve om du ynskjer å plante utanlandske treslag til skogbruksføremål. Dette gjeld også for planting til produksjon av juletre og pyntegrønt.
Publisert 01.03.2021
Ny temaside om framande artar i Vestland
Kva har ørekyt, mink, lupin og vestamerikansk hemlokk til felles? Jo, dei er framande artar i fylket vårt og har stor evne til å spreie seg. Når ein art opptrer utanfor sitt naturlege leveområde er han framand. Enkelte kan påverke økosystemet så mykje at heimfødingane tapar kampen om livets rett.
Publisert 20.02.2021
Kunngjering - Løyve til utslepp i samband med bygging av E39 Myrmel-Lunde
Statens vegvesen har 19. februar 2021 fått løyve etter forureiningslova til mellombels utslepp i samband med bygging av Myrmelstunnelen i Sunnfjord kommune.
Publisert 19.02.2021
Høyring av frivillig skogvern for Kudalen i Stad
Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi forslag om vern av Kudalen naturreservat på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 25. april 2021.
Publisert 19.02.2021
Fangst av laks og sjøaure i 2020
I sesongen 2020 vart det fiska totalt 42 420 kg laks og 7 364 kg sjøaure i Vestland. Av dette vart 6 129 kg tatt i sjølaksefisket i Sogn og Fjordane.
Publisert 18.02.2021
Energisaker i Vestland i 2020
Statsforvaltaren i Vestland handsama totalt 102 energisaker i 2020, fordelt på vasskraft, nettanlegg og vindkraft.
Publisert 12.02.2021
Høyring av frivillig skogvern for Buggastrondi i Luster
Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi forslag om vern av Buggastrondi naturreservat på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 18. april 2021.
Publisert 11.02.2021
Mange avfallsanlegg har auka merksemd på brannrisiko
Saman med brann- og redningsetaten gjennomførte vi 14 tilsyn på avfallsanlegg i oktober 2020. Dei fleste anlegga hadde vurdert brann- og påfølgande miljørisiko, men fleire anlegg hadde manglar ved sine vurderingar.
Publisert 09.02.2021
Har du sett eller høyrt hubro?
Statsforvaltaren ønskjer tips om hubro i Vestland. Arten er sterkt truga, og betre kunnskap er viktig for ta vare på arten.
Publisert 01.02.2021
Vi startar verneprosess for Loftesnes naturreservat i Sogndal
Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Loftesnes i Sogndal kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 28. februar 2021.
Publisert 29.01.2021
Kvotefri jakt på gaupe
Kvotejakta på gaupe startar opp 1. februar og varer til 31. mars 2021. Rovviltnemnda i Region 1 har vedteke kvotefri gaupejakt i heile Vestland i denne perioden.
Publisert 22.01.2021, Sist endra 25.01.2021
Vi startar verneprosess for Kudalen naturreservat i Stad
Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Kudalen naturreservat i Stad kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 16. februar 2021.
Publisert 18.01.2021
Søknad om løyve til flytting av avfallsanlegget til Retura Nomil AS i Gloppen kommune
Retura Nomil AS vil flytte sin avfallsaktivitet til nabotomt, og søkjer samstundes om utvida ramme. Lenke til søknadsdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Publisert 18.01.2021, Sist endra 25.01.2021
Kommunedelplan for naturmangfald
Kommunane har ei avgjerande rolle i å forvalte naturen på ein god måte og bidra til å stoppe tapet av naturmangfald. No kan kommunane søkje om tilskot for å utarbeide kommunedelplan for naturmangfald. Søknadsfrist 1. februar.
Publisert 13.01.2021
Ferdsel og friluftsliv på snø og is
Det flotte snøfallet i store delar av Vestland kan trigge lysta til vinteraktivitet for både små og store. Kva seier friluftslova om ferdsel over snødekt innmark? Og kor kan ein få informasjon om trygg is før kveldens skøytetur?
Publisert 06.01.2021
Webinar om frivillig skogvern
Er frivillig skogvern noko å streve etter? Det er viktig for det biologiske mangfaldet, og kan vere lønsamt for skogeigaren om skogen ikkje skal hoggast. Vi tek opp ulike sider ved temaet på webinar 28. januar.
Publisert 21.12.2020
Gratulerer med 30-årsdagen, Stølsheimen!
Fylkesmannen i Vestland gratulerer Stølsheimen landskapsvernområde med sine første 30 år! Det varierte landskapet strekk seg frå fjord til fjell, og er eit ynda turområde for mange.
Publisert 17.12.2020
Vi startar verneprosess for Buggestrondi naturreservat i Luster
Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess på Buggestrondi i Luster kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 7. februar 2021.
Publisert 15.12.2020
Sju nye skogreservat i Vestland
Fredag 11. desember vart 15 skogområde verna i Noreg ved kongeleg resolusjon. Sju av naturreservata er i Vestland, og fordeler seg jamt frå nord til sør, og fangar opp eit mangfald av artar og viktige naturtypar. Samla utgjer områda over 8 500 dekar.
Publisert 10.12.2020
Kunngjering - mellombels løyve til bygging av Offerdal kraftverk i Årdal kommune
Offerdal kraftverk AS har 24. november 2020 fått mellombels løyve etter forureiningslova til utslepp av tunneldrivevatn i samband med bygging av Øvre - og Nedre Offerdal kraftverk. Dei har samstundes fått løyve til å fylle ut med overskotsmassar i Årdalsfjorden.
Publisert 07.12.2020
Ja, må han leva! Jotunheimen 40 år
Vi gratulerer Jotunheimen og Utladalen med 40 årsdagen! Jotunheimen er ein av dei mest kjende og besøkte nasjonalparkane våre, og Utladalen landskapsvernområde inviterer til besøk inn i det særprega kulturlandskapet. Tre gonger tre hurra for jubilanten!
Publisert 30.11.2020
Aurland og Fjaler har fått nye naturreservat
På fredag vart 28 skogområde verna ved kongeleg resolusjon. To av dei ligg i Vestland fylke, i kommunane Aurland og Fjaler. Hundrevis av insektartar, soppartar og enkelte fuglar er avhengige av daud ved og gamal skog. Difor er skogvern så viktig, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Publisert 25.11.2020
Søknad om løyve til Bergen Rideklubb sitt komposteringsanlegg på Sletteneset i Bergen kommune
Bergen Rideklubb søkjer om å motta og kompostere inntil 750 tonn hestemøkk årleg. Høyringsfrist 30. desember 2020.
Publisert 25.11.2020
Tysdag 1. desember startar lisensjakta på to ulvar
Lisensjakta varer frå 1. desember 2020 til og med 31. mai 2021.
Publisert 24.11.2020
Kunngjering – Nytt løyve til forureining for landbasert akvakulturanlegg i Svelgen
Utsleppsløyva for lokalitetane Breivika V og Breivika Ø er slege saman til eit nytt løyve.
Publisert 20.11.2020
Kunngjering - Løyve til avfallsanlegg i Kvinnherad kommune
Byggservice AS har 17. november 2020 fått løyve etter forureiningslova til mottak,
mellomlagring og knusing av brukt asfalt og betong på Sunde industriområde.
Publisert 19.11.2020
Søknad om utsleppsløyve for E39 Myrmel – Lunde i Sunnfjord
Statens vegvesen Region vest søkjer om løyve til utslepp av anleggsvatn i samband med bygging av 3,7 km veg inkludert ein tunnel på om lag 1 km på E39 strekninga Myrmel - Lunde i Sunnfjord kommune.
Publisert 17.11.2020
Korleis ta vare på natur i endra klima?
Den 24. november kan du delta på webinar for kommunane om klimatilpassing av naturmiljø. Klimatilpassing er ein viktig del av naturforvaltninga i kommunane, og no kjem rettleiaren til korleis kommunane kan ta plangrep for å ta betre vare på naturen.
Publisert 11.11.2020
Webinar om naturmangfald og samskaping
Vestland fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestland og Distriktssenteret arrangerer webinar 12. november om naturmangfald i kommunal planlegging og samskaping som grunnlag for samfunnsutvikling.
Publisert 06.11.2020
Skogen si rolle for klimaet
Fylkesmannen inviterer til webinar om skogen si rolle for klimaet, med vekt på grunnleggjande kunnskap og praktiske råd.
Publisert 05.11.2020
Ei uvanleg eigedomsgåve i Vingen
Det er ei uvanleg hending når det offentlege får ei unik gåve på meir enn 300 mål. Endå meir uvanleg er det at området inneheld den nest største konsentrasjonen av helleristingar i Noreg.
Publisert 04.11.2020
Envir AS søkjer om mellombels løyve i Eidsvåg
Dei vil ha løyve til å handsama jord med framande og svartelista artar. Det er søkt om løyve frå 1. januar 2021 og til 30. juli 2023. Søknaden med vedlegg finn du i menyen til høgre.
Publisert 03.11.2020
Kva skjer under overflata i Vestland?
Bambuskorall og nakensnegl, pigghå og tareskog - bli med på eit djupdykk i dei verdifulle naturområda langs kyst og fjord i fylket. Den marine verneplanen for Noreg omfattar fleire kandidatområde i Vestland.
Publisert 03.11.2020
Kunngjering - Løyve til utslepp i samband med bygging av Tverrelvi kraftverk i Voss herad
NGK Utbygging AS har 30. oktober 2020 fått mellombels løyve til utslepp.
Publisert 02.11.2020
Kunngjering – Nytt løyve til forureining for akvakulturanlegg i Fjaler kommune
Mowi ASA har 30.10.2020 fått mellombels utvida biomassetaket sitt i løyvet etter forureiningslova for produksjon av matfisk på lokaliteten Kyravika.
Publisert 28.10.2020
Søknad om utvida utsleppsløyve for Førde tettstad
Sunnfjord kommune søkjer om løyve til å auke utsleppet av kommunalt avløpsvatn frå det kommunale reinseanlegget på Øyrane i Førde, frå 28 000 pe til 40 000 pe.
Publisert 23.10.2020
Søknad om erstatning for rovviltskade
No kan du sende inn søknad om erstatning for rovviltskade på sau for beitesesongen 2020. Frist for søknad er 1. november.
Publisert 23.10.2020
Fylkesmannen opphevar vedtak om skadefelling av grågås
Fylkesmannen i Vestland opphevar vedtak om skadefelling av grågås i Gulen kommune. Vi meiner at vedtaka ikkje er tilstrekkeleg grunngjevne etter viltforskrifta og naturmangfaldlova.
Publisert 21.10.2020
Kunngjering - Endra løyve til Franzefoss gjenvinning AS avd. Knarrevik
Franzefoss gjenvinning AS avd. Knarrevik har 19. oktober 2020 fått endra løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg i Knarrevik industripark i Øygarden kommune. Løyvet slår saman tidlegare løyve til eitt løyvedokument.
Publisert 14.10.2020
Kunngjering - Nytt løyve til forureining for settefiskanlegg i Gloppen kommune
Sande Settefisk AS har 08.10.2020 fått utvida biomassetaket sitt i løyvet etter forureiningslova for produksjon av settefisk på lokaliteten Sande.
Publisert 02.10.2020
Digital plankonferanse i Vestland
Vestland fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestland og Distriktssenteret arrangerer ein digital plan-, klima- og folkehelsekonferanse 27. oktober.
Publisert 02.10.2020
Landsdekkande tilsyn med branntryggleik i avfallsanlegg
I oktober kontrollerer myndigheitene branntryggleiken på avfallsanlegg og korleis dei avgrensar miljøskadane om det oppstår brann.
Publisert 30.09.2020
Endring i reglane om nydyrking
Landbruks- og matdepartementet har fastsett endringar i forskrift om nydyrking. Det er innført forbod mot dyrking av myr frå 02.06.2020, men kommunen kan likevel tillate dyrking av myr når bestemte vilkår er oppfylte.
Publisert 23.09.2020
Marint vern: Høyringsframlegg for Stad og Dalsfjorden er sendt til godkjenning
Fylkesmannen i Vestland vart ferdig i august/september 2020 med høyringsframlegga for dei to marine verneområda Stad og Dalsfjorden. Dei to tilrådingane ligg no til fagleg gjennomgang og godkjenning i Miljødirektoratet. Mest truleg blir det høyring i løpet av seinhausten 2020.
Publisert 23.09.2020
Søknad om endring av løyve for Norsk Gjenvinning Metall AS i Arna
Norsk Gjenvinning Metall AS avd. Arna søkjer om å kunne lagre inntil 50 tonn kasserte blybatteri.
Publisert 23.09.2020
Søknad om endring av løyve ved Franzefoss Gjenvinning AS sitt anlegg i Øygarden
Franzefoss Gjenvinning AS avd. Eide søkjer om å auke mottaket av slam frå 2000 til 3000 tonn. Frist for uttale er 23. oktober 2020.
Publisert 21.09.2020
Søknad om løyve - utslepp frå Espeland vassbehandlingsanlegg
Bergen kommune søkjer om løyve etter forureiningslova for utslepp av prosessavløpsvatn frå Espeland vassbehandlingsanlegg.
Publisert 18.09.2020
Søknad om løyve - spyling av vassleidning med utslepp til Storelva i Arna
Bergen kommune søkjer om løyve etter forureiningslova for utslepp frå spyling og pluggkøyring av ny hovudvassleidning ved Reinane i Arna. Resipient for utsleppet er Storelva i Arna.
Publisert 17.09.2020
Kunngjering - Endra løyve til avfallsanlegg i Bergen kommune
Arna Jordsortering AS har 16. september 2020 fått løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg i Langedalen i Bergen kommune.
Publisert 17.09.2020
Kunngjering – Endra løyve til forureining for Florø lufthamn i Kinn kommune
Avinor AS avdeling Florø lufthamn har 15. september 2020 fått nytt utsleppsløyve med auka utslepp av flyavisingskjemikaliar.
Publisert 16.09.2020
Kunngjering – Endra løyve til forureining for oppdrettsanlegg i Høyanger kommune
Osland Havbruk AS har 15.09.2020 fått utvida biomassetaket i løyvet etter forureiningslova for produksjon av laksefisk på lokaliteten Mjølsvik.
Publisert 11.09.2020
Kunngjering - endra løyve til NOBI AS
NOBI AS har fått endra løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg på Bjørkemoen i Voss herad.
Publisert 08.09.2020
Lisensjakt på jerv
Rovviltnemda har vedteke at åtte jervar kan fellast under årets lisensjakt i region 1.
Publisert 03.09.2020
Kunngjering - Nye vilkår etter forureiningslova for anlegg i Rådalen
Seks verksemder i Rådalen har 26. august 2020 fått endra krav til lukt i sine vilkår etter forureiningslova.
Publisert 01.09.2020
Løyve til skadefelling av ein jerv forlenga
Skadefellingsløyvet tildelt 22. august i fjellområdet mellom Årdal og Lærdal er etter søknad forlenga til og med 9. september.
Publisert 31.08.2020
Ny søknad om løyve for utslepp av avløpsvatn i Askøy kommune
Askøy kommune søkjer om nytt løyve etter forureiningslova for utslepp av avløpsvatn i Søre Askøy tettbebyggelse.
Publisert 28.08.2020
Kunngjering - Løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegg i Simadalen
Lindum AS har 18. august 2020 fått løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg i Simadalen i Eidfjord kommune.
Publisert 27.08.2020
Kunngjering - Endra løyve til oppdrettsanlegg i Tysnes kommune
Lerøy Vest AS har 18. august 2020 fått endra løyve etter forureiningslova til produksjon av laksefisk på lokaliteten Djupestallen. Anlegget skal utvidast i areal og fekk oppdatert løyve etter dagens standard.
Publisert 27.08.2020
Tilrår vern av Berdalen naturreservat
Fylkesmannen tilrår oppretting av Berdalen naturreservat i Lærdal kommune. Berdalen har gamal furuskog av høg vernekvalitet, og grunneigar har tilbydd skogen gjennom ordninga for frivillig skogvern.
Publisert 27.08.2020
Kunngjering - Endra løyve til oppdrettsanlegg i Askvoll kommune
Flokenes Fiskefarm AS har 15. juli 2020 fått endra løyve etter forureiningslova til produksjon av laksefisk på lokaliteten Storevik. Anlegget skal utvidast frå 1560 tonn MTB til 3120 tonn MTB.
Publisert 27.08.2020
Kunngjering - Mellombels løyve til mottak og sortering av massar frå Slettebakken deponi
Veidekke industri MM AS Bergen har 18. juni 2020 fått mellombels løyve etter forureiningslova til mottak og sortering av inntil 300 tonn massar frå Slettebakken deponi.
Publisert 27.08.2020
Kunngjering - Løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegg på Ågotnes
Stena Recycling AS avd. Ågotnes har 10. mars 2020 fått løyve etter forureiningslova til mottak, lagring og behandling av 50 000 tonn jern og metall, 5000 tonn EE-avfall og inntil 3000 tonn batteri på CCB på Ågotnes i Øygarden kommune.
Publisert 26.08.2020
Korallar i vår marine fauna
Vi ser auka trong for å kartlegge korallar i område der det skal utførast marine tiltak.
Publisert 24.08.2020
Løyve til skadefelling av jerv
Naddvik sankelag har etter søknad fått løyve til skadefelling av ein jerv i beiteområdet i fjellet mellom Årdal og Lærdal.
Publisert 31.07.2020
Kjem ternene våre til å forsvinne?
Den som har budd ved vestlandskysten ei tid, har nok registrert at det mange stader er langt mellom ternene i dag. Aldri har bestanden vore lågare enn han er i 2020.
Publisert 14.07.2020
Miljøvennlege småbåthamner
For mange er ingenting betre enn å setta seg i båten og dure av garde, og det er kanskje ekstra aktuelt denne sommaren. Med båthald følgjer det òg eit ansvar, og båteigarar og småbåthamner har eit spesielt ansvar for den forureininga som kan oppstå i ei småbåthamn.
Publisert 14.07.2020
Status for støy frå Hanøytangen næringsområde
Sidan 19. april 2020 har det vore ei betydeleg auke i klager på støy frå Hanøytangen næringsområde. Her følger ei oversikt over kva Fylkesmannen førebels har gjort i saka.
Publisert 08.07.2020
Planlegg ferieturen på nett!
Nasjonalparkar og andre større verneområde er klare for besøk i ferien. Ein ny nettportal viser deg moglegheitene der du er.
Publisert 08.07.2020
Besøksstrategi for Stølsheimen og Nærøyfjorden er no klar
Publisert 08.07.2020
Søknad om auka utslepp av avisingskjemikaliar på Flesland
Avinor ønsker å auke ramma for utslepp av kjemikal for avising av fly og bane på Flesland, tilsvarande eit samla KOF-utslepp på 637 tonn pr. år. Frist for merknadar er 16. august 2020.
Publisert 02.07.2020
Kunngjering - Endring av løyve for utfylling av massar i Store Lungegårdsvann
Fylkesmannen endra 2. juli 2020 Bybanen Utbygging sitt løyve for anleggsarbeid i Store Lungegårdsvann. Lovleg mengd utfyllingsmassar vart auka med 330 000 m3, til 1 640 000 m3.
Publisert 02.07.2020
Kunngjering - Avslag på søknad om endra bruk av siltgardiner i Store Lungegårdsvann
Fylkesmannen avslo 2. juli 2020 Bybanen Utbygging sin søknad om redusere frå to siltgardiner til heller å bruke ei siltgardin i sjø og ei i beredskap på land med andre kompenserande tiltak.
Publisert 02.07.2020
Ny forskrift om bruk av betong og tegl frå riveprosjekt
Frå 1. juli 2020 er bruk og disponering av betong og tegl frå riveprosjekt regulert i kapittel 14A i avfallsforskrifta.
Publisert 01.07.2020
Søknad om løyve - anleggstiltak i sjø Ljøsøyna Øygarden
Equinor planlegg å etablera eit landanlegg for mottak og mellomlagring av CO2 ved Kollsnes Næringspark sør på Ljøsøyna i Øygarden kommune. Anleggsarbeid i sjø, knytt til tomteopparbeidinga av landanlegget, krev løyve etter forureiningslova. Frist for uttale er 21. august 2020.
Publisert 24.06.2020
Høyring av forslag om nye fisketider for laks og sjøaure frå 2021
Forslag til nye fisketider for laks og sjøaure i vassdrag og sjø er no sendt på høyring. Frist for å komme med innspel er 6. september 2020.
Publisert 23.06.2020
To nye skogreservat vedtekne i statsråd
I dag vart 30 skogområde verna ved kongeleg resolusjon. To av dei ligg i Vestland, i kommunane Kinn og Gulen.
Publisert 23.06.2020
Lurefjorden og Lindåsosane er nytt marint verneområde
I dag vedtok Kongen i statsråd at Lurefjorden med Lindåsosane er det første marine verneområdet i Vestland fylke.
Publisert 12.06.2020
Kunngjering - Revidert løyve til gardsslakteri i Voss herad
Fylkesmannen har den 11. juni 2020 gitt Lars Selheim nytt løyve etter forureiningslova til gardsslakteri på Selheim i Voss herad.
Publisert 12.06.2020
Kunngjering - Løyve til fjørfeslakteri i Kvam herad
Fylkesmannen har den 11. juni 2020 gitt Økodrift Homlagarden AS løyve etter forureiningslova til fjørfeslakteri på Aksnes. Det er gjeve løyve til årleg produksjon av opp til 600 tonn fjørfe.
Publisert 11.06.2020
40-års jubileum for Herdla naturreservat
I dag, 11. juni 2020, er det 40 år sidan Herdlevalen blei verna.
Publisert 09.06.2020
Meld ifrå om du finn kadaver eller spor etter freda rovdyr
Dersom du finn kadaver som du trur kan vere drepe av freda rovdyr, må du melde frå til Statens naturoppsyn (SNO) så raskt som mogleg. Det same gjeld om du finn spor etter eller ser freda rovdyr i beiteområdet.
Publisert 08.06.2020
Endring i reglane om nydyrking
Landbruks- og matdepartementet har fastsett endringar i forskrift om nydyrking. Det er innført forbod mot dyrking av myr frå 02.06.2020, men kommunen kan likevel tillate dyrking av myr når bestemte vilkår er oppfylte.
Publisert 05.06.2020
Kunngjering - Løyve til avfallsanlegg på Ravnanger
BIR Bedrift AS har 29. mai 2020 fått løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg på Ravnanger i Askøy kommune. Dei skal ta imot og kverne trevirke.
Publisert 05.06.2020
Kunngjering – løyve til landbasert akvakulturanlegg i Gulen
Sande Aqua AS har den 28. mai 2020 fått løyve etter forureiningslova til eit landbasert akvakulturanlegg på lokaliteten Rørvikneset, i industriområdet Skipavika næringspark i Gulen.
Publisert 04.06.2020
Webinar - Å halde hjula i gang - meir bruk av tre i kommunane
Fylkesmannen i Vestland og Trefokus AS inviterer hermed til eit webinar for klimasmarte kommunar som ønskjer å satse på meir bruk av tre i kommunale og private bygg.
Publisert 04.06.2020
Høyring av ni område for frivillig skogvern
Vi sender på høyring ni område for frivillig skogvern som naturreservat. Frist for uttale er 5. august 2020.
Publisert 29.05.2020
Nettdialog SKOG nr. 2 - kommunen sine skogrelaterte oppgåver, tilskotsforvaltning og -utbetaling knytt til skogsvegar
Vårt første webinar er gjennomført og tilbakemeldingane er oppmuntrande. Vi har fått mange gode innspel som vi vil følgje opp etter kvart.
Publisert 28.05.2020
Ta vare på fuglane i slåtten
Du kan no få tilskot om du tek omsyn til åkerrikse, vipe og storspove i slåtten.
Publisert 26.05.2020
Send ein takk til biene!
Når du tek ein bit av årets første norske jordbær, kan du godt sende ein takk til biene. Desse insekta er heilt nødvendige for at økosystem og samfunn skal fungere.