Verneområde

Oppdatert 19.11.2024

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Reglar for å fly dronar i naturen

Dersom du skal fly drone i naturområde, må du først sjekke om det er spesielle restriksjonar der du ønskjer å fly. Sjølv om du ikkje er i eit område med restriksjonar, må du sørge for at droneflyginga ikkje uroar til dømes fugle- eller dyreliv.

Dei generelle reglane for å fly dronar, finn du på Luftfartstilsynets nettsider om dronar og modellfly.

Kva andre reglar som gjeld for å fly dronar, avheng av kvar du er. Dersom området ligg i eit naturvernområde, må du undersøkje kva reglar som gjeld for akkurat dette området. Alle verneområde har ei verneforskrift som gir reglar for området. Miljødirektoratets nettsider har ei kartløysing som gjer det lett å finne ut om eit område er verna. I kartløysinga finn du også lenke til verneforskrifta som gjeld.

Som hovudregel er bruk av dronar forbode i nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda. Dette er både av omsyn til dyrelivet, og av omsyn til friluftsliv og ro.

Dersom du ønskjer å fly drone i eit verneområde der det er forbode, må du først søkje om løyve. Søknaden skal sendast til den instansen som har forvaltningsmynde for verneområdet. Verneforskrifta har informasjon om kven som har forvaltningsmynde.

Vis meir


Publisert 21.06.2024

To nye naturreservat i Vestland vil sikre viktig natur for framtida

Regjeringa verna i dag 27 nye skogområde i åtte fylke. Områda er viktige levestader for mange trua artar. Vernet er viktig for å ivareta desse artane i framtida. To av disse ligg i kommunane Sogndal og Kinn i Vestland. 


Publisert 14.06.2024

Vi tilrår Frønningen naturreservat i Lærdal kommune

Vi tilrår etablering av Frønningen naturreservat i Lærdal kommune. Området er 17 238 dekar stort og er tilrådd etter dialog med grunneigar. Arealet husar svært gamal skog over eit stort areal og bidreg til målet om å ta vare på representativ og verdifull natur for framtidige generasjonar. 


Publisert 23.05.2024

Vi tilrår vern av Gyttavatnet naturreservat i Fjaler

Vi tilrår frivillig skogvern av Gyttavatnet i Fjaler kommune. Skogen har nasjonale verneverdiar og husar kystfuruskog, bekkekløft og rik edellauvskog med sjeldne artar. Ein status som naturreservat vil ivareta desse verdiane godt. 


Publisert 07.05.2024

Høyring av frivillig skogvern i Eimhjellen i Gloppen

Som ein del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke sender vi ut framlegg til frivillig skogvern av Eimhjellen naturreservat i Gloppen kommune. Du er velkommen til å sende innspel i høyringsfasen innan 10. juli 2024.


Publisert 06.05.2024

Vi startar arbeidet med å utvide Kvitingsmorki naturreservat i Årdal

Etter dialog med grunneigarane etter prosedyra for frivillig skogvern startar vi arbeidet med å utvide Kvitingsmorki naturreservat i Årdal kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 5. juni 2024.


Publisert 06.05.2024

Framlegg til vern av nasjonalt viktig natur i sørvestre Bømlo

Vi melder oppstart av vern av Roaldsfjorden, Vikaneset, Gissøyane, Nordøyane og Holsøyane. Området er blant det mest verdifulle kystlandskapa i Vestland. Frist for uttale er 15. juni 2024.


Publisert 29.04.2024

Ope møte om forvaltningsplanen for Hestad landskapsvernområde

Statsforvaltaren i Vestland arrangerer eit ope møte om forvaltningsplanen for Hestad landskapsvernområde tysdag 7. mai 2024 kl. 11.30 på Hestadgrend bedehus. Alle som ønskjer det, er velkomne.


Publisert 22.03.2024

Lokal aksept i Bremanger for å starte arbeidet med å opprette nasjonalpark på Hornelen-halvøya

Kommunestyret i Bremanger vedtok i gårsdagens møte at Statsforvaltaren får gå vidare med arbeidet med å opprette ein nasjonalpark på Hornelen-halvøya.


Publisert 22.03.2024

Vi melder oppstart av frivillig skogvern på Bermål i Lærdal kommune

Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Bermål naturreservat i Lærdal kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 24. april 2024.


Publisert 22.03.2024

Forslag til nye vernereglar og vernegrenser for Herdla naturreservat til høring

Vi legg no forslag til endra vernegrense og vernereglar for Herdla naturreservat og fuglefredingsområde ut til offentleg ettersyn. Vi har også laga ein besøksstrategi for området. Frist for å komme med uttale er 31. mai.