UKL-Ullensvang haustar frukter av arbeidet

Oppdatert i går kl. 08:43

Sørfjorden i Ullensvang har eit av Noregs mest særprega kulturlandskap, forma av århundre med fruktdyrking i samspel med natur, kulturhistorie og levande bygdesamfunn. UKL-Ullensvang var ein av dei siste områda som vart inkludert i ordninga i 2019.

Landskapsbilde med fruktbygd langs Sørfjorden
Fruktproduksjonen finn som oftast stad frå 0-200 over fjorden, i dag med moderniserte tettplantingar av moreller, plommer, pærer og eple. Frukta vert stort sett seld til daglevarehandelen, medan noko av eplene vert nytta til den populære saft- og siderproduksjonen i Noreg. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

Tilskotsordning tungdrevne driftsformar

Gjennom UKL-satsinga i Ullensvang er det i år sett i gang fleire prosjekt for å ta vare på og vidareutvikla verdiane. Arbeidsgruppa for UKL-Ullensvang har vore med på å meisle fram ei tilskotsordning som skal ta vare på breidden og tidspennet i fruktproduksjonen i Hardanger. I dag vert stadig fleire areal planta til med frukt i tettplantingssystem som ein finn i store delar av Europa. Fruktareal som tidlegare vart drifta på små teigar og utan traktorvegar bidreg til å oppretthalda særpreget i fruktlandskapet. No er dei i ferd med å forsvinne.  

Fruktdyrking i bratt terreng med steingard
Ein kombinasjon av dårleg tilkomst og krevjande arbeidsinnsats gjer at dei brattaste og minste fruktareala står i fare for å gå ut av drift. Foto: Frøydis Lindén/SFVL.

Arbeidet har vore retta mot å kartleggja representative bruk og vurdera arbeidsinnsats, kostnader og driftsutfordringar knytt til slike små fruktteigar. Dei er ofte bratte og tungdrevne terrassar med eldre dyrkingssystem. I haust blir det lyst ut ei prøveordning som skal stimulera til vidare drift av areal med stor landskapsverdi og som held ved like dei ulike driftsformene i fruktdyrkinga. 

Eit gjennomgåande mål har vore å utvikla ei ordning som utfyller eksisterande kulturlandskapsordningar som RMP og SMIL. Ein har difor vald å utvide ordninga til å kunne ta vare på enkelte gamle frukttre, gjerne med historiske sortar, som gir stor kulturhistoriske verdi i fruktlandskapet og tuna på fruktgardane i Hardanger.

Eldre frukttre i beitelandsskap
Fram til midten av førre århundre var fruktproduksjonen ofte integrert i beitelandskapet, slik som her med høgvekste eldre frukttre. Foto: Frøydis Lindén/SFVL.

Pollinatorar, biologisk mangfald og mosaikklandskap 

Neste år skal UKL-Ullensvang utvikla eit delprosjekt som styrkjer pollinerande insekt og biologisk mangfald i fruktlandskapet. Det vil bli lagt særleg vekt på korleis mosaikk, landskapsvariasjon og ulike arealbrukstypar påverkar pollinering og artsmangfald.

Arbeidet skal bygge på forskningsprosjekt og kunnskapsbanken til NIBIO, NLR og andre fagmiljø. Delprosjektet skal munne ut i ein praktisk rettleiar for fruktdyrkarane og formidlast gjennom markvandringar, innslag på fagmøte og pilotprosjekt der tiltak kan prøvast ut i felt. Målet er å byggje opp under ei framtidig tilskotsordning for pollinatorvenlege tiltak som kan ta vare på og byggje eit variert og artsrikt fruktlandskap.

Bratte fruktlier langs sørfjorden med fjell i bakgrunnen
Dei bratte fruktliene langs Sørfjorden i Hardanger, dei gamle frukthagane og det store mangfaldet av kulturminne, artar og genetiske ressursar gjer området til ein sentral del av den nasjonale frukthagen. Foto: Frøydis Lindén/SFVL.

Refotografering og skuleformidling

Refotografering av fruktlandskapet i Hardanger er eit viktig grep både for å dokumentere historia og å lage eit biletarkiv som seier noko om startpunktet for UKL- Ullensvang. 

Nytt i år er at lokale skular har vore involverte i refotograferingsprosjektet, eit arbeid som vil bli vidareført basert på NIBIO sitt nye undervisningsopplegg for refotografering. Undervisningsopplegget kombinerer dokumentasjon av kulturlandskapet med formidling og læring gjennom aktiv involvering av skular og lokalsamfunn.

Gamalt bilde av ein gard
Slike bilete jaktar no arbeidsgruppa i UKL-Ullensvang. Refotograferingsprosjektet har som mål å skapa eigarskap til landskapet blant unge, styrkja lokal kulturhistorisk kunnskap og engasjera lokalsamfunnet i dokumentasjon av fruktlandskapet. Foto: Frøydis Lindén/SFVL.

I 2026 har ein starta opp arbeidet med å samle inn historiske fotografi, skanning av fotoarkiv og finne punkt i landskapet for framtidige refotograferingar. Arbeidet vil skje i samarbeid med tilsette på museum med planlagte fotoverkstader, som involverer lokalbefolkninga i september og utover vinteren. Prosjektet dokumentera endringar i fruktlandskapet over tid, og kor mykje ein klarer å ta vare på tidsdjupnaet i landskapet. 

Formidling, forteljingar og besøksopplevingar i fruktlandskapet

På sikt skal UKL-Ullensvang utvikla ei heilskapleg plan for formidling av fruktlandskapet i Ullensvang gjennom kombinasjon av digitale løysingar, historieforteljing, skilting og besøksopplevingar. Ein vil gjere fruktlandskapet meir tilgjengeleg og forståeleg for både innbyggjarar og besøkjande, samstundes som prosjektet styrkjer lokal identitet, stoltheit og kunnskap om fruktlandskapet sine særeigne verdiar. Difor vil ein spesielt arbeide med språk og lokale uttrykk for å formidle historia til fruktdyrkinga og dei særmerkte kvalitetane ved fruktlandskapet.

Formidlingsarbeidet vil starte opp i løpet av 2027, då ein ynskjer eit tett samarbeid med reiselivsaktørane og besøksforvaltningsprosjekta i kommunen, som er i ferd med å lage strategiar på desse områda i Hardanger. Turismen er aukande og det er viktig at ein treff ulike målgrupper godt med integrert informasjon om UKL-Ullensvang i skilting og informasjon i Sørfjorden i Hardanger. 

 

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Frøydis Lindén
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland
Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.