Tilskot
Alle tilskot til jordbruk finn du hos Landbruksdirektoratet
Gjødsel – lagring og bruk
Du som lagrar og brukar gjødselvarer har ansvar for å halde reglane i forskrifta. Du finn meir informasjon og rettleiing på Landbruksdirektoratets nettstad:
Nydyrking
Du må søke kommunen om løyve til nydyrking eller gjenoppdyrking av jordbruksareal som har vore unytta i meir enn 30 år. Ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen din.
Les meir: Søke om nydyrking (landbruksdirektoratet.no)
Økologisk landbruk
Økologisk matproduksjon stiller ekstra krav til miljøomsyn og dyrevelferd. Økologisk produksjon har ein viktig spydspissfunksjon for å utvikle miljøvenlege metodar og å overføre kunnskap til konvensjonelt jordbruk.
Statsforvaltaren skal bidra til å vidareutvikle økologisk jordbruk i fylket.
Føretak med avlingstap forårsaka av klima (t.d. store nedbørsmengder, frost, tørke) kan søke om tilskot ved klimabetinga produksjonssvikt. Ved mistanke om produksjonssvikt skal føretaket utan ugrunna opphald melde i frå til kommunen.
Merk at melding ikkje er ein søknad om tilskot. Endeleg frist for å sende inn søknad er 31. oktober. Både melding og søknad skal sendast inn elektronisk i eige skjema (obs. to ulike skjema for melding og søknad).
Du kan søkje dersom føretaket ditt har mottatt klimarådgjeving. Tilskotet har vore ein del av Regionale miljøtilskot (RMP), men er no skilt ut som ei eiga ordning. Søknadsfristen er løpande, men du må søkje innan eit år etter dato for rådgjeving. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknadane.