Du skal varsle Mattilsynet eller Statsforvaltaren i Rogaland:
- ved overskriding av grenseverdiane oppgjevne i drikkevassforskrifta vedlegg 1 (lovdata.no).
- dersom tiltaksgrensene i vedlegg 2 (lovdata.no) blir overskridne, og det kan utgjere ein helsefare.
- dersom innretninga ikkje kan levere drikkevatn til dei som er om bord, eller står i fare for å gå tom for drikkevatn.
Ved bromat i drikkevatnet
Statsforvaltaren i Rogaland skal varslast dersom grenseverdien for bromat i drikkevatn (10 µg/L) blir overskriden.
Opplys oss om kva informasjon dei som drikk vatnet har fått, eller skal få, og om kva som blir gjort umiddelbart for å redusere skadeomfanget og for å rette opp årsaka til avviket.
Ved gjentekne overskridingar må du opplyse om kva langsiktige tiltak som er sett i gang, eller skal setjast i gang, for å redusere bromatinnhaldet i drikkevatnet ved offshoreinnretninga.