Innsats for Noreg og norsk samfunnsliv
Kvart år blir personar heidra av Hans Majestet Kongen for innsatsen sin for Noreg og norsk samfunnsliv. Framlegg som gjeld St. Olavs Orden og Kongens fortenestemedalje skal sendast til Statsforvaltaren i heimfylket til kandidaten.
Kva utmerking passar best?
Kongehuset har utfyllande informasjon om kongelege ordenar og medaljar. Dersom du ønskjer å foreslå nokon for tildeling av ein orden eller ein medalje, er første steg å lese om dei ulike utmerkingane. Då kan du både forsikre deg om at det er rett å søkje, og vurdere kva utmerking som passar best.
Slik går du fram
Det finst ikkje noko eige skjema for framlegg om tildeling. Du må skrive brevet sjølv, og desse opplysningane må vere med:
- namn, adresse og telefonnummer til forslagsstillaren
- fullt namn, bustadadresse og fødselsdata til kandidaten
- yrket til kandidaten
I tillegg tilrår vi at du omtalar bakgrunnen for framlegget, yrkesinnsatsen til kandidaten, verv og innsats i frivillige organisasjonar. Opplys gjerne også om andre utmerkingar og prisar som kandidaten tidlegare har motteke.
Framlegget bør dessutan følgjast av nokre vedlegg. Det er til dømes viktig at innsatsen det blir søkt om påskjøning for, er dokumentert gjennom uttalar eller annan dokumentasjon.
Framlegg til desse utmerkingane skal du sende til Statsforvaltaren:
- St. Olavs Orden
- Kongens fortenestemedalje
Framlegget skal stilast til Hans Majestet Kongen, men sendast til Statsforvaltaren i heimfylket til kandidaten. Du kan laste opp framlegget og tilhøyrande vedlegg i eitt av kontaktskjemaa våre. I emnefeltet skriv du: «Framlegg om tildeling av kongeleg påskjøning til (namn)».
Framlegg om tildeling av kongelege påskjøningar er unnatekne offentleg innsyn.
Kva gjer Statsforvaltaren?
Statsforvaltaren gjer ei førebuande saksbehandling og sender deretter søknaden vidare saman med ei tilråding til Ordenskanselliet for St. Olavs Orden. Vi kan også innhente ei fråsegn frå ordføraren dersom det er relevant.
Saksbehandlingstid
Du må rekne god tid til saksbehandlinga. For framlegg om St. Olavs Orden vil det gå om lag tolv månader frå søknaden er motteken av Ordenskanselliet til det ligg føre svar. For framlegg om Kongens fortenestemedalje tek det om lag seks månader. Det er berre forslagsstillaren som kan få informasjon om status i søknadsprosessen.