Arealforvaltning

Oppdatert 20.12.2023

Det er i utgangspunktet kommunen sjølv som avgjer korleis areala skal brukast, så lenge arealbruken er innanfor rammene av nasjonal politikk. Statsforvaltaren er fagstyresmakt innan landbruk, miljøvern, helse og samfunnstryggleik, og skal syte for at nasjonale interesser blir sikra. I tillegg skal vi sjå til at kommunale vedtak i plan- og byggjesaker er i samsvar med gjeldande lovverk.

Nasjonale retningslinjer må følgjast

Stortinget og regjeringa gir retningslinjer og rammer som kommunane skal leggje til grunn i arealforvaltninga. Statsforvaltaren skal sørgje for at kommunane sikrar nasjonale interesser innanfor miljøvern, landbruk, helse og samfunnstryggleik. Vi skal også sjå til at planlegginga er i tråd med interessene til barn og unge. Dersom den kommunale arealforvaltninga er i strid med nasjonale interesser, kan Statsforvaltaren gripe inn.

Statsforvaltaren kan gripe inn ved å fremje motsegn til arealplanar eller klage på vedtak i byggjesaker (dispensasjonsvedtak) som er i strid med arealplanen. Dersom kommunen vel ikkje å ta omsyn til motsegna, går saka til mekling mellom partane. Om meklinga ikkje fører fram, kan kommunen be om at saka blir send til Kommunal- og distriktsdepartementet for endeleg avgjerd.

Statsforvaltaren er klageinstans

Dei som blir påverka av kommunale vedtak i reguleringsplanar og byggjesaker, og av vedtak etter jordlova, konsesjonslova og odelslova, kan klage til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren behandlar også klagesaker etter matrikkellova, eigarseksjonslova, veglova, tomtefestelova og lov om kommunal forkjøpsrett. Statsforvaltaren er i tillegg klageinstans i saker der det offentlege overtek privat eigedom etter plan- og bygningslova (ekspropriasjon). Denne typen klager blir først behandla av kommunen. Dersom kommunen ikkje gir klagaren medhald, sender kommunen klagen til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. 

Vis meir

Kommuneplanen skal ivareta kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver. Retningsliner og pålegg frå statlege og regionale styresmaktar skal leggjast til grunn. Kommunen skal ha ein samla kommuneplan som omfattar ein samfunnsdel og ein arealdel.

Som grunnlag for kommuneplanlegginga skal det utarbeidast ein kommunal planstrategi minst ein gong i kvar valperiode og seinast innan eitt år etter konstituering av kommunestyret.

Det skal utarbeidast planprogram som ledd i varsling av planoppstart for kommuneplanar. Planprogrammet skal m.a. gjere greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen, utgreiingstema, opplegg for medverknad, kva for alternativ som skal vurderast. Konsekvensutgreiing skal inngå som del av planprosessen.

Planprogrammet må også kommentere kunnskapsgrunnlaget for relevant naturmangfaldtema og vurdere om det er behov for meir kunnskap for å få saka tilstrekkeleg opplyst (naturmangfaldlovas § 8 og forvaltingslovas § 17).

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 18.01.2021

Kommunedelplan for naturmangfald

Kommunane har ei avgjerande rolle i å forvalta naturen på ein god måte og bidra til å stoppe tapet av naturmangfald. No kan kommunane søkje om tilskot for å utarbeide kommunedelplan for naturmangfald. Søknadsfrist 1. februar. 


Publisert 11.01.2021

Status kommunale planstrategiar i Vestland

Ved starten på nyåret har 24 av 43 kommunar i Vestland vedteke sine kommunale planstrategiar, medan 19 kommunar er undervegs i arbeidet.


Publisert 17.11.2020

Korleis ta vare på natur i endra klima?

Den 24. november kan du delta på webinar for kommunane om klimatilpassing av naturmiljø. Klimatilpassing er ein viktig del av naturforvaltninga i kommunane, og no kjem rettleiaren til korleis kommunane kan ta plangrep for å ta vare på naturen betre. 


Publisert 16.10.2020

3D-visualisering av strandsona

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har laga ein rettleiar for korleis kommunar kan ta i bruk 3D-modellar til planlegging og forvaltning av strandsona langs sjøen. 


Publisert 07.10.2020

Fråsegn til revisjon av statlege planretningslinjer for strandsona

Kommunane i Vestland fylke er som i gjeldande retningsliner plasserte i sone to og tre. Fylkesmannen har tidlegare peika på at kommunar med samanliknbart og stort byggjepress bør liggje i sone to. I fråsegna minner vi om det.   


Publisert 29.09.2020

Fagtema i planar og dispensasjonar

Fylkesmannen i Vestland har laga eit dokument som inneheld ei samla oversikt over føringar og regelverk innan dei fagtema som er sentrale for Fylkesmannen i arbeidet med planar og dispensasjonar etter plan- og bygningslova. Vi har no laga ein versjon som er tilpassa kommunane.  


Publisert 03.09.2020

Fråsegn til nye dispensasjonsreglar

Fylkesmannen stiller i fråsegna til Kommunal- og moderniseringsdepartementet spørsmål ved nokre av dei foreslegne endringane som gjeld dispensasjonar frå planar og frå byggjeforbodet i strandsona.           


Publisert 14.08.2020

Folkehelse i arealplanlegging - klargjering av motsegnspraksis

Helsedirektoratet har utarbeidd eit dokument med sentrale folkehelseomsyn som skal takast vare på i arealplanlegginga. Manglande ivaretaking av dei kan vere grunnlag for motsegn.


Publisert 01.07.2020

Godkjenner detaljreguleringsplanen for Videfossen utkikspunkt

Statens vegvesen får byggje parkeringsplass ved Videfossen utkikspunkt i Stryn etter at Kommunal-  og moderniseringsdepartementet har godkjent detaljreguleringsplanen.


Publisert 30.06.2020

Status for kommuneplanane i Vestland

Fylkesmannen har laga oppdaterte kart som viser kor tid kommunane sist reviderte samfunnsdelen og arealdelen til kommuneplanen.