Skilsmisse etter samlivsbrot

Oppdatert 25. august kl. 10:38

Du kan søke om skilsmisse utan å ha blitt separert først. Da må du og ektefellen din ha budd frå kvarandre i minst to år og de må vere samde om at dette er eit samlivsbrot.

Før du søker

  • Du treng to vitne som kan stadfeste at de har budd frå kvarandre i minst to år. Du må ta utskrift og og fylle ut ei vitneerklæring. Dei to vitna dine signerer vitneerklæringa. I det digitale skjemaet lastar du opp ei skanna og signert vitneerklæring. Skjemaet for vitneerklæring finn du her:
    Vitneerklæring (nynorsk) (pdf)
    Vitneerklæring (bokmål) (pdf)
  • Dersom ekteskapet blei inngått i utlandet, må du leggje ved vigselsattesten. Dette gjeld ikkje dersom de gifta dykk på ein norsk ambassade i utlandet eller i ei norsk sjømannskyrkje.
  • Dersom de har felles barn under 16 år, må du leggje ved ein meklingsattest. Les meir om mekling på nettsida til Bufdir.

  

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Unngå å skrive inn personleg informasjon. Meldinga di blir berre lesen av tilsette som jobbar med nettstaden. Vi har ikkje høve til å svare deg her.

Du har 400 teikn igjen.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.