Søk om å få anerkjent eit utanlandsk eller ugyldig ekteskap

Oppdatert 16. januar kl. 13:48

I nokre tilfelle kan Statsforvaltaren anerkjenne eit utanlandsk ekteskap som ikkje automatisk blir anerkjent i Norge. Statsforvaltaren kan også godkjenne ugyldige ekteskap inngått i Norge.

Er du på rett stad?

Vi får mange førespurnader frå personar som har gifta seg etter utanlandsk rett, og som ønsker å registrere ekteskapet i Norge. Viss dette gjeld deg, ber vi deg lese meir om korleis du registrerer ekteskapet hos Skatteetaten.

Nedanfor kan du sjå kva saker vi kan behandle.

Ekteskapet mitt er ugyldig

Du har gifta deg i Noreg, men har fått beskjed om at ekteskapet ditt er ugyldig.

Dette gjeld ekteskap som er inngått i Noreg, men som av ulike årsaker er ugyldige. Årsak til ugyldigheit kan vere:

  • Vigslaren hadde ikkje vigselskompetanse.
  • Manglande eller ugyldig prøvingsattest. Ein prøvingsattest er gyldig i fire månader. Prøvingsattesten må vere utskriven på vigselstidspunktet, og kan ikkje vere eldre enn fire månader. 
  • De møtte ikkje personleg til vigslinga.
  • Ein av dykk eller begge gav ikkje erklæring om at de ønskte å inngå ekteskap med kvarandre under vigslinga. 
  • Vigslaren erklærte dykk ikkje for rette ektefolk.
  • Ein prest i Den norske kyrkja følgde ikkje liturgien fastsett av Kirkemøtet.  

Søknaden må innehalde

  • ei forklaring frå dykk om kvifor krava til vigsel ikkje vart følgde
  • ei forklaring frå vigslaren (den som har via dykk) om kvifor krava til vigsel ikkje vart følgde
  • ei forklaring frå dykk om kva særlege grunnar som talar for å godkjenne ekteskapet
  • kopi av prøvingsattest
  • kopi av eventuell vigselsattest
  • kopi av brev fra Skatteetaten om at ekteskapet ikkje blir godkjent

Send søknaden til Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus.

Eg treng at ekteskapet blir anerkjent i Noreg

Du har gifta deg i utlandet, og ekteskapet er sannsynlegvis gyldig i landet der du gifta deg, men ekteskapet blir ikkje anerkjent i Noreg.

Viss du kjenner deg att i éi av desse fire situasjonane, kan du søke Statsforvaltaren om anerkjenning:

  • Ekteskapet vart inngått utan at de begge var til stades under vigselen.
  • Ein av dykk var under 18 år då de giftet dykk.
  • Ein av dykk var allereie gift.
  • De er søskenbarn eller nærare slektningar enn søskenbarn og ekteskapet er inngått etter 31.12.2024.
1

Kva er din situasjon?
Viss ekteskapet vart inngått på éin av måtane vi skildrar over, kan du søke Statsforvaltaren om anerkjenning. Viss du ikkje kjenner deg att i nokre av situasjonsskildringane, er det sannsynlegvis Skatteetaten som er rett instans i ditt tilfelle. 

2

Vigselsattest må leggast ved i original eller kopi

  • Kopi av vigselsattesten må vere stadfesta av advokat, offentlege kontor eller profesjonell kopieringsteneste.
  • Attesten må ha apostillestempel (gjeld land som brukar apostille).
  • Viss vigselsattesten kjem frå eit land utan apostilleordning, må han legaliserast av Utanriksdepartementet i ekteskapslandet og deretter verifiserast av norsk ambassade.
3

Vigselsattesten må vere omsett til norsk eller engelsk
Omsetjinga må vere gjort av

    • statsautorisert omsetjar
    • universitets- eller høgskulelærar
    • kommunal tolketeneste
    • norsk/utanlandsk utanriksstasjon eller konsulat.

Det må framgå at omsetjinga er gjort frå originaldokumentet. Du må sende inn omsetjinga i original eller stadfesta kopi.

4

Kopi av pass eller reisedokument:

  • Begge ektefelle må levere kopi av pass eller reisedokument.
  • Den som bur i Noreg må også legge ved kopi av alle brukte sider i passet.
  • Alle kopiar må vere stadfesta av advokat, offentleg tenesteperson eller liknande.
5

Tilleggsopplysningar vi anbefaler at du tar med i søknaden:

  • Kort skildring av forholdet:
    • Kor lenge de har kjent kvarandre
    • Kor ofte de har møttest
    • Om de har eller ventar barn
    • Dato for forloving
6

Utfylling av søknadsskjemaet
Det er nok at éin av dykk fyller ut søknadsskjemaet. Du finn fleire variantar av søknadsskjemaet nedanfor. Du finn ei rettleiing til slutt i søknadsskjemaet.

Send søknaden om anerkjennelse til Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus uavhengig av kvar du bur i Noreg.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Pernille Langnes Brodwall
seniorrådgiver, Statsforvalteren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus
Pia Leonora Finnbakk
seniorrådgiver, Statsforvalteren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus
Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.