Skogbruksforvaltning

Aktuelt stoff og saksbehandlingshjelp til kommunal forvaltning innen skogbruk.


Publisert 07.12.2020

Skogfondsoppgåver som må utførast før årsoppgjeret

Før nyttår må det takast ein gjennomgang av skogfondskonto-vedlikehald i ØKS. Vedlagt følgjer ei oversikt over oppgåver som må utførast:


Publisert 02.12.2020

Minnar om: Skogfond - Fristar før jul

ØKS: Siste frist for utbetaling og vedtak om innvilga tilskot er fredag 4. desember.

Siste dag for føring av skogfondssaker (utan tilskot) i ØKS er torsdag 17. desember.


Publisert 30.11.2020

Ny versjon av ØKS

Landbruksdirektoratet har oppdatert ØKS til versjon 12.6.6.


Publisert 30.11.2020

Feltapp for skogbruk under planlegging

Landbruksdirektoratet skal lage ein app med kartløysing og kopling til skogfagsystemet ØKS. Tanken er at appen kan bli brukt i felt til kontrollar og registreringar knytt til offentleg skogforvaltning, sjå vedlegget.


Publisert 27.11.2020

No er NMSK brukt opp

Søknader frå kommunane om ekstratildelinger har strøymt inn, og no er heile den supplerande tildelinga vi fekk innvilga til kommunar (12 stk.) og overført til budsjetta til kommunane i ØKS. 


Publisert 27.11.2020

Vestfold og Telemark har fått ekstra middel - NMSK skogkultur

I brev frå Landbruksdirektoratet i går, 25. november, fekk Fylkesmannen i Vestfold og Telemark supplerande tildeling av NMSK-midler til tilskot skogkultur på kr 800 000. Midla er omfordelte av Landbruksdirektoratet etter fullmakt frå Landbruks- og matdepartementet.


Publisert 18.11.2020

Skogfond - Fristar før jul

ØKS: Siste frist for utbetaling og vedtak om innvilga tilskot er fredag 4. desember.

Siste dag for føring av skogfondssaker i ØKS er torsdag 17. desember.


Publisert 18.11.2020

Viktig beskjed om tilskot til tettare planting / suppleringsplanting

Videresender viktig beskjed frå Landbruksdirektoratet om TTP (tilskot til tettare planting/suppleringsplanting).


Tilskotsspotten er no brukt opp, og saker som blir ført frå om med i dag 18. november skal IKKJE ha tilskot – her må de altså føra på «Ikkje tilskot»


Publisert 13.11.2020

Skogfond - konto under ti dekar

Skogfond som er sett av på konto under ti dekar (S-9899 eller S-0523) må utbetalast i god tid før jul.


Publisert 09.11.2020

Frist 15. november for søknader om tilskot for utførte oppdrag av ungskogpleie

I den nye tilskotsordninga for auka aktivitet i ungskogfasen – «Oppdrag ungskogpleie» - er det satt frist 15. november for søknad om tilskot for oppdrag utførte i 2020.