Skogbruksforvaltning
Aktuelt stoff og saksbehandlingshjelp til kommunal forvaltning innen skogbruk.
Frist for behandling av ekstraordinært plantetilskot 7. september
Refusjonskrav som inneheld ekstraordinært plantetilskot må vera sendt til godkjenning i ØKS innan måndag 7. september. Etter denne datoen vil tilskotskode 900 og 920 bli tatt bort frå ØKS. Fristen på skogeigar for innsending til kommunane er 1. september.
Publisert 28.08.2020
Frist 1. september for søknad om ekstraordinært plantetilskot
Frist for skogeigar for å søkje om ekstraordinært plantetilskot på 1,30 kr per plante for all vårplanting i 2020 er 1. september.
Publisert 24.08.2020
Kommunen må ikkje bruke fleire tilskotsmidlar enn tildelt
Vi har hatt eit par eksempel på at kommunar har innvilga meir NMSK-tilskot til skogkultur enn dei har igjen i tildelt pott for 2020. Kommunen må sjekke gjenståande tilskotsmidlar FØR dei godkjenner søknader.
Publisert 19.08.2020
Tilskot til tettare planting
Frist for å levera søknad til kommunen var 1. august for vårplanting. Kommunane må behandla desse søknadene i ØKS innan onsdag 26. august.
Publisert 06.08.2020
Tilskot til miljøtiltak i skog - sentral ramme i 2020
Den sentrale ramma er no lagt ut på ordninga i ØKS. Det er dermed klart for å løyva innkomne søknader i første søknadsomgang, med søknadsfrist 1. august 2020.
Publisert 01.07.2020
ØKS - Skogfondskonto for skog under 10 dekar
Kommunane må gå igjennom desse kontoane (kontonummer 9899), og utbetale midlane. Saldo skal vere i null.
Publisert 29.06.2020
Utarbeiding av skogbrannfarekart
Etter oppdrag frå Fylkesmannen i Oslo og Viken har vi i samarbeid med ulike fagpersonar i dei to fylkesmennene utarbeida to ulike skogbrannfarekart som eit verktøy for blant anna å forenkle planlegginga av sløkkingsarbeid basert på kunnskap eit slikt kart formidlar.
Publisert 25.06.2020
ØKS - utbetalingar i sommar
Det blir ingen utbetalingar av skogfond i veke 29 og 30. Landbruksdirektoratet utbetaler ikkje tilskotsmidlar i veke 30 og 31.
Publisert 24.06.2020
Ekstraordinær tiltakspakke for skogbruket
I fyrste omgang er Vestfold og Telemark gitt 2,94 millionar kroner i ein ekstraordinær tiltakspakke der formålet er å oppretthalde hogstaktivitet i skogbruket.
Midlane er overførd inn på tilskotsordninga i ØKS, og det er mogeleg å begynne og behandle søknader, overføre midlar og eventuelt utbetale.
Publisert 22.06.2020
ØKS - hugs å oppdatere kontoinformasjon
Det må jamleg takast ein gjennomgang av skogfondskonto-vedlikehald i ØKS. For nokre kommunar er denne lista lang.