Skogbruksforvaltning
Aktuelt stoff og saksbehandlingshjelp til kommunal forvaltning innen skogbruk.
Statusrapport for andre periode i Barkbilleovervåkingen
NIBIO har no publisert ein kort statusrapport for andre periode i Barkbilleovervåkingen.
Publisert 18.06.2020
Avklaring: Saldolister frå skogfondet kan ikkje utleverast
Landbruksdirektoratet har svart på utlevering av saldolister frå skogfondet og korleis desse samsvara med personvernforordninga (GDPR):
Publisert 17.06.2020
Rettleiar for saksbehandlarar - Driftstilskot og søknader om tilskot for å oppretthalde hogstaktivitet i skogbruket 2020
Landbruksdirektoratet har laga ein rettleiar for saksbehandling i ØKS - Driftstilskot og søknader om tilskot for å oppretthalde hogstaktivitet i skogbruket 2020 (koronatilskot).
Publisert 12.06.2020
Årsmelding skogbruket i Vestfold og Telemark 2019
Årsmeldinga for skogbruket i 2019 er skrive samla for Vestfold og Telemark, sjølv om vi formelt vart eit nytt fylke fyrst frå og med 1. januar 2020.
Publisert 10.06.2020
Ekstraordinært tilskot for å oppretthalde hogstaktivitet i skogbruket
Landbruks- og matdepartementet fastsette 9. juni ein ny førebels forskrift. Tilskotsordninga inneber 50 millionar og skal bidra til at skogeigarar i auka grad sysselset skogentreprenørar med helmekanisk driftsutstyr eller taubane.
Publisert 28.05.2020
Borkbilleovervaking - resultat frå fyrste periode
NIBIO, ved hjelp av utvalde kommunar, overvaker borkbillebestandane i Noreg og utfører ei årleg registrering. NIBIO har no lagt ut ein kort statusrapport for fyrste fangstperiode i 2020.
Publisert 27.05.2020
Tiltakspakke i skogbruket under arbeid - varsel til kommunane
Ein ekstraordinær tiltakspakke med formål om å oppretthalde aktivitet hos skogsentreprenørane er under arbeid, og vil snart bli lansert. Ordninga blir gitt som tilskot til skogeigar, og skal dekkje meirkostnader ved vanskelege drifter eller drifter som ikkje produserer stort volum.
Publisert 12.05.2020
Tilskot til miljøtiltak i skog
Den sentrale ramma for «Tilskudd til miljøtiltak i skog» for 2020 er gitt. Vedlagte dokument gir orientering, retningslinjer og utfyllande informasjon til forvaltinga.
Publisert 07.05.2020
Behandling av skogfondssaker med ekstraordinært plantetilskot
Kommunane må vente med å behandle XP-søknader til etter 10. mai. Etter denne datoen vil det skruast av avkorting av tilskotet ved innslagspunktet for tettare planting.
Publisert 22.04.2020
Rettleiing - Ekstraordinært tilskot til skogplanting
Rettleiinga for registrering av ekstraordinært plantetilskot våren 2020 i ØKS er no lagt ut på Landbruksdirektoratet si heimeside. Kommunane må vente med å behandle søknader om ekstraordinært tilskot til det er gjort nødvendige tilpassingar i ØKS.