Eksamen og vurdering

På denne sida vil du finne informasjon om gjennomføring av sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring, samt om nasjonale prøver og kartleggingsprøver.

Sist endra 17.01.2024

Vaksne som skal ta grunnskuleeksamen har felles førebuing, felles eksamen og felles sensur som i grunnskulen. Dei digitale prøvene i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar finn ein på sida til Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir.).

Denne sida er ikkje ei totaloversikt over eksamens- og prøvefeltet. For å halde seg oppdatert, følg med på sida til Utdanningsdirektoratet. Her finn ein meir informasjon.

 


Publisert 01.07.2014

Erfaringar frå eksamen i grunnskulen 2014 - Oppmannsrapportar

Eksamen i grunnskolen

Oppmannsrapportane i faga norsk, engelsk og matematikk etter gjennomføringa av skriftleg eksamen i grunnskulen våren 2014 er no publiserte. Rapportane gjeld for prøveregion Møre og Romsdal/ Sogn og Fjordane.


Publisert 10.04.2014

Standpunktkarakterar – nasjonale, rettleiande kjenneteikn på måloppnåing

Standpunktkarakterar

Ein standpunktkarakter skal uttrykke den kompetansen eleven har ved avsluttinga av opplæringa.


Publisert 10.04.2014

Klage på standpunktkarakterar 2014

Klage på standpunktkarakter 2014 

Her finn du skjema og rettleiiar for klage på standpunktkarakterar i grunnskulen.


Publisert 07.04.2014

Testeksamen 9. april

IKT eksamen 

Utdanningsdirektoratet oppfordrar alle skular, også dei som har gjennomført IKT-basert eksamen tidlegare om å teste systemet før årets eksamenar.


Publisert 07.04.2014

Om lyttetekstar til bruk under lokalt gitt eksamen

 Fremmedspråksenteret

Organiseringa av lokalt gitt eksamen er lokalt styrt og bruken av lytteprøver er frivillig.


Publisert 20.03.2014

Eksamensrettleiingar for våren 2014

Eksamen i grunnskolen

Utdanningsdirektoratet har publisert eksamensrettleiingar for 2014 på sine nettsider. I desse finn du viktig informasjon om sentralt gitt skriftleg eksamen og korleis sensorane vurderer eksamen.


Publisert 05.02.2014

Møte om eksamen og vurdering

Eksamen i grunnskolen

Det var god oppslutning på møtet om eksamen og vurdering som Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjennomførte for skoleeigarar, grunnskular med avgangselevar og vaksenopplæringssentra som skal ha grunnskuleeksamen for vaksne 7. februar 2014.


Publisert 05.02.2014

Eksamen grunnskule 2014: Oppdatering av fagpersonregisteret

Eksamen i grunnskolen

Her finn de brev om oppdatering av fagpersonregisteret for aktuelle sensorar til sentralt gitt eksamen i grunnskulen 2014. Frist 1. mars.


Publisert 05.02.2014

Felles eksamen og felles sensur for elevar og vaksne i grunnskulen

Eksamen

Frå 2014 vil eksamen for vaksne etter læreplanen for 10. trinn vere felles med grunnskulen for dei sentralt gitte eksamensfaga matematikk, norsk og engelsk. Informasjon om eksamen i grunnskulen er derfor felles, og nettsida om grunnskulen er oppdatert til å gjelde både elevar, vaksne deltakarar og privatistar.


Publisert 05.02.2014

Endra gjennomføring av nasjonale prøver

Nasjonale prøver

Frå  hausten 2014 vert gjennomføringa av nasjonale prøver endra. Skulane skal gjennomføre prøvene trinnvis, og ikkje organisert etter type (lesing, rekning, engelsk). Sjå vedlagt plan for gjennomføring (høgre marg).